Leiaren i Hå Venstre, Tom Henrik Rosseland, er også kasserar i Fylkesstyret noko som gir god kontakt med det politiske arbeidet elles i fylket og styremedlem Jon Arne Silgjerd er også medlem i fylkestingsgruppa.
Det sitjande styret tok gjenvalg og ser slik ut : Leiar Tom Henrik Rosseland, kasserar Mindor Hatlegjerde, sekretær Jon Arne Silgjerd og styremedlem Albert Moe.
Årsmøtet konstaterte tilfreds at den debatten som Hå Venstre sparka liv i sist lokalvalgkamp om jordvern og om å ta vare på matjorda nå ser ut til å fått solid oppslutning i kommunen. Dette er ein debatt som dagens leiarskap i kommunen har ignorert altfor lenge og som kjem til å slå tilbake med full tyngde om det ikkje blir tatt på alvor i den nye kommuneplanen som er under arbeid.