– Gunnar Knudsen er ein av dei viktigaste statsministrane Norge har hatt

– Gunnar Knudsen er ein av dei viktigaste statsministrane Norge har hatt, seier Venstreleiar Trine Skei Grande.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Han sørga for konsesjonslovene som ga Norge eigedomsrett til vannkrafta og andre naturressursar, – eit prinsipp som også har gitt oss råderett over oljeinntektene. Han innførte dei Castbergske barnelovene som ga arverett til barn født utanfor ekteskap, han la grunnlaget for mange av dei reformane vi nyter godt av i dag, sa Trine Skei Grande da ho gjesta Gunnar Knudsens barndomsheim Salterød saman med tidlegare stortingsrepresentant Øyvind Bjorvatn og Unge Venstreleiar og formannskapsmedlem Anne Tørå Solsvik søndag.

Øyvind Bjorvatn, Svein Thorsen, Trine Skei Grande, Marit Thorsen og Anne Tørå Solsvik

Foto: Jan Kløvstad

Frå venstre Øyvind Bjorvatn, Svein Thorsen, Trine Skei Grande, Marit Thorsen og Anne Tørå Solsvik.

Vertskapet Marit og Svein Thorsen tok imot med heimebakt kake og orientering om Gunnar Knudsens barndomsår og kunne vise fram eit restaurert hus i djup respekt for historia. På veggen heng portrett av statsminister Gunnar Knudsen (1848-1928) og eit maleri av Gunnar Knudsens skute "Reform", malt av Ants Lepson.

På ytterveggen står ein plakett som fortel at Knudsen var statsminister 1908-1910 og 1913-1920. Plaketten blei avduka 26. juli 1968, av høgsterettsadvokat Chr. Stray, venstreleiar Gunnar Garbo og stortingsrepresentant Øyvind Bjorvatn. Nå var Bjorvatn tilbake i huset, og Trine Skei Grande kunne lese høgt frå Øyvind Bjorvatns tale i 1968.

Trine Skei Grande les Øyvind Bjorvatn om Gunnar Knudsen

Foto: Jan Kløvstad

– Slett ikkje verst tale, humra Bjorvatn, der han sat i sofaen saman med dagens Venstreleiar.

Øyvind Bjorvatn, Svein Thorsen og Trine Skei Grande ved Gunnar Knudsen-steinen

Foto: Jan Kløvstad

– Kan vi få sjå steinen som far Christen reiste da han fekk vite at han hadde fått sonen Gunnar, spurte Bjorvatn, og Svein Thorsen tok med seg gjestane til steingjerdet der "Gunnar Knudsen-steinen" står på høgkant.
– Ingen har vore Venstreleiar lenger enn Gunnar Knudsen, fortalte Trine Skei Grande, som viste til leiartida heilt frå 1909 til 1927, og takka Marit og Svein Thorsen for at dei tar så godt vare på både huset og minna etter Gunnar Knudsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**