Kommunevalet 2011

OPPSTART PROGRAMARBEID
torsdag den 5.mai kl 19.00
Hatlehiet i Ål kulturhus

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

V-logo med dekor

Foto: Venstre

Som alle veit, er det kommuneval til hausten.
Flest mogleg representantar i kommunestyret 2011-2015 er årets arbeidsmål!

Arbeidet i eit valår kan delast i tre: Nominasjonsarbeid, programarbeid og valkamp.

Nominasjonsnemnda gjorde eit godt arbeid med listene som vart ferdigstilte i mars.

Programnemnda som består av Eirik, Ellen og Torleif har hatt eitt møte til no.

Me ynskjer å involvere flest mogleg av partiets medlemmer til arbeidet med valprogram
for kommunevalet 2011.
Programmet skal vere ferdig til trykking 22.juni. Me har med andre ord om lag ein og ein halv månad på oss til dette viktige arbeidet.

Erfaringane frå tidlegare gjer at me ynskjer oss mange med for å få fram dei gode idéane til programmet.
Me prøver å legge opp arbeidet slik at alle kan få arbeide mest med den delen av programmet (politikkområda) dei har mest interesse av.

Det blir kaffi og litt å bite i.

Vel møtt!

For programnemnda

Torleif

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**