Janet Johansen

Janet Johansen (31) står på 3. plass på Venstrelista. Av ein eller annan grunn er det vanskeleg å sjå føre seg denne energiske dama sitjande i ro på ein stein. Vi trur det ikkje før vi ser det

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

Janet Johansen

Foto: NN

Janet Johansen (31) står på 3. plass på Venstrelista.

Janet, når du flytta frå Ualand til Varhaug, var det uvant med storbylivet då? Ho er nok litt usikker på om dette er alvorleg meint, men endar til slutt opp med eit overberande smil.

– Med unntak av at toget faktisk stoppar på Varhaug er det ikkje så veldig store forskjellar mellom Ualand og Varhaug. Eg er oppvaksen på gard og ser at bygdene i Lund og bygdene i Hå på mange måtar er like. Det som er viktig er at ein finn seg til rette i lokalsamfunnet med familie, naboar og venner, og eg trivst i alle fall veldig godt på herlige Varhaug, seier ho og nikkar for å vera sikker på at vi trur henne. Eg er gift med ein sosialt engasjert byas som og trives på Varhaug og som stolt og aktiv stemor til fire flotte ungdommar så er det nok å henga fingrane i.

Du er utdanna hjelpepleiar frå Tryggheim og har seinare tatt vidareutdanning innan psykisk helsevern. Nå arbeider du på Sandnes med rus og helsevern i full stilling, og du har og tidligare arbeidd med psykisk helsevern. Får du aldri for mykje av slike problem? Janet lener seg framover med eit engasjert blikk og fortel om eit brennande engasjement for at menneske skal oppleva meistring i sitt eige liv.

– Eg trivst godt med å arbeida med psykisk helsevern, seier ho. Det er kjekt å sjå at menneske kjem seg etter ein vanskeleg periode i livet og finn sin veg ut av hengemyra.

Tidligare har du og arbeidd med omsorg ved livets slutt. Det må vel og vera mange vanskelege situasjonar?

– Ja, men eg ville ikkje vore utan desse spesielle erfaringane, og dei perspektiva som eg fekk med meg i denne perioden. Det kjennes meiningsfylt å få bruka yrkeslivet til å hjelpa andre.

Er det nokon samanheng mellom dette engasjementet og at du er blitt aktiv i Venstre?

– Ja, utan tvil. Eg opplever at Venstre er det partiet som har klart å få til balansen mellom frihet for den enkelte og ansvar for kvarandre. Frihet under ansvar om du vil. Det er god sosialliberal politikk å la kvart enkelt menneske sjølv få velja å utvikla seg og utfolda seg fritt så lenge det ikkje går utover andre og så lenge vi klarer å ta vare på dei svake i samfunnet som treng hjelp og omsorg. Og denne tankegangen gjeld sjølvsagt ikkje bare innan helse og omsorg. Den er minst like viktig innan oppvekst og skule og — sjølv om det kanskje høyrest litt rart ut — innan næringspolitikk. Det å la bedrifter og arbeidsplassar veksa fram og veksa seg større, utan at det går ut over andre i vid forstand er langt på veg sunn næringspolitikk. Vi treng bedrifter og grunderar på Jæren som bryr seg – både om miljø, jordvern, opplæring, helse, arbeidsmiljø, sikkerhet og andre saker i samfunnet. Slike bedrifter må vi som politikarar heia fram på alle måtar.

Korleis klarer du å unngå å ta jobben med deg heim og kva gjer du for å kopla ut når du har fri? Det er vel ikkje alltid lett i ditt yrke?

– Eg har stor glede av Jæren Sportssenter som i år etter år gir meg overskot og gangsperr. Forresten, ikkje gløym å få med at eg er ein sterk forkjempar for å få bygd symjeanlegg på Varhaug. Nå har Nærbø fått sitt fantastiske idrettsanlegg så nå er det Varhaug som står for tur. Det burde ikkje vera nødvendig å senda elevane i buss lange veier for å få tatt nokre symjetak. Ellers er eg ofte ute på flat mark i ein eller annan solnedgang og grublar over livet syklande, gåande eller sitjande på ein stein.

Av ein eller annan grunn er det vanskeleg å sjå føre seg denne energiske dama sitjande i ro på ein stein. Vi trur det ikkje før vi ser det

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**