May-Linn Njærheim

May-Linn Njærheim (35) står på 2. plass på Venstrelista i Hå. Gjennom dette intervjuet vert du godt kjend med kandidaten!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**

May-Linn Njærheim

Foto: NN

May-Linn, som blondine så er du vel opptatt av krig og fred og sånn, ikkje sant? Ho tar denne provokasjonen fint og flirer rått.

– Joda, svarer ho og det er heeelt sikkert at "skjønnheten kommer innenfra" seier ho ein smule sarkastisk. Men det er tydeligvis fullt mulig å både vera blondine og bu på gard i Hå samtidig. May-Linn bur på historisk grunn som næraste nabo til den freda kyrkjegarden på Njærheim og er stolt av både historia og landskapet omkring garden. Men det er framtida til garden som er ein av dei viktigaste grunnane til at ho har engasjert seg i politikken.

– Som bønder driv me med eit utruleg viktig arbeid med å produsera den maten vi lever av. Me driv med rein kjøtproduksjon og eg blir litt stolt når eg ser kvalitetsmat merka Jæren Smak i butikken og veit at det kanskje kjem frå våre dyr. Det gjer oss svært opptatt av å ta vare på den flotte matjorda me har på Jæren. Me er nøydd til å finna meir effektive måtar å nytta areala våre på slik at me slepp å byggja ned den jorda vi skal produsera mat på.

Men ein stad må jo folk bu?

– Mykje av svaret på korleis me gjer dette ligg i sentrum i tettstadene våre. Dei areala som ligg nær jernbanestasjonane må nyttast betre til arbeidsplassar og til konsentrerte bustader. Eg er ikkje så glad i å sjå på høghus på Jæren, men eg innser at det nok må til for å spara den flotte matjorda vår. Difor er sentrumsutvikling viktig. Det er verdifulle areal der det skal bu, arbeida og helst trivast mange menneske i framtida, og då kan me ikkje ta lett på dette arbeidet. Og er det ein ting eg er heilt skråsikker på, så er det at utviklinga av sentrum er altfor viktig til å overlata det til kapitalinteressene åleine. Dei er i sin natur mest opptatt av å tena pengar og det er ikkje alltid det beste utgangspunktet for dette arbeidet. På Nærbø t.d. har ein flytta sentrum frå stad til stad og resultatet nå er at det ikkje fungerer som eit sentrum i det heile tatt. Eg trur ingenting på at alt skal bli så mykje betre om ein berre flytter "sentrum" til meieritomta. Vi treng ein grundig debatt om dette.

Både May-Linn og mannen Terje er i fullt arbeid utanom gardsdrifta. May-Linn har den litt uvanlige utdanningskombinasjonen jordbruksskule og grafisk design og arbeider nå som kjøkkenkonsulent i den nye butikken til Vigrestad Dør og Kjøkken på Bryne.

– Det gildaste eg veit er å teikna så denne jobben stortrivst eg med seier ho og smiler frå øyre til øyre.

Men straks det blir snakk om oppvekstvilkår får ho eit alvorleg og engasjert drag over ansiktet.

– Eg har sjølv erfaring med korleis det er å ha eit barn med spesielle behov, og då er det utruleg viktig at det finst hjelp å få for dei som treng det. Oppvekstvilkår og læringsmiljø for alle — ikkje berre for dei flinkaste. Individuell læring for kvar einskild elev er viktig seier ho med ettertrykk.

Mange års engasjement i Røde Kors har også sett sine spor. Dei frivillige organisasjonane gjer eit utruleg viktig arbeid og kommunen må strekkja seg langt for å gi dei ei handstrekning. Det har blitt oss fortalt at du er observert i ein ustø kano på Håelva ei sein kveldsstund. Hadde du rømt heimanfrå eller? May-Linn får eit salig smil i ansiktet og opptil fleire smilerynker forsvinn som dogg for sola.

– Tenk så fantastisk å kunna ha denne flotte elva midt i eit intensivt landbruksområde smiler ho. Ingenting er så avstressande både for vaksne og born som å siga sakte nedover elva i ein kano. Denne og andre elvar i kommunen må vi ta godt vare på, vedlikehalda og leggja forsiktig til rette slik at mange fleire kan få oppleva desse flotte friluftsområda. Tenk om vi kunne få til samanhengande turvegar frå hav til hei langs ei eller fleire av desse elvane seier ho med det same avslappa smilet .det hadde vore friluftstilbud det.

– Og så er det viktig med krig og fred og sånn smiler blondina søtt og kastar pennen etter intervjuaren .

(publ. TR)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**