Lesarinnlegg frå ungdomskandidatane frå Luster Venstre

Her kan du lese innlegget frå Luster Venstre sine ungdomskandidater

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


Ungdom – bruk røysteretten

Me er tre ungdommar som står på Luster Venstre si liste ved kommunevalet og vil oppmoda om at ungdom brukar røysteretten sin.
Det er sikkert ikkje lett å finna eitt parti som du er 100 % enig med i alt, men vurder kva som verkeleg betyr noko for deg. Eit mest mogleg “rett” val av parti kjem av kva haldningar du har til ulike spørsmål, og kva saker som er viktige for deg. Venstre er eit liberalt parti som ikkje er interessert i at staten skal styre våre liv i eit A4-system. Menneska er viktigare enn systema og difor prioriterer Venstre folk først.

Det er mange grunnar til at me tre har valt Venstre, eit parti som mellom anna vil:
ha toleranse og respekt mellom menneska
arbeide for mangfald og inkluderande fleirkulturelt samfunn
forvalta vår økonomi og ressursar nøkternt slik at ungdom og framtidige generasjonar kan vidareføre god livskvalitet og eit miljø i økologisk balanse
ikkje gje “litt til alle”, men prioritera dei som faktisk treng det mest

Venstre er Miljøpartiet i Luster og ungdom får særleg gjennomslagskraft her. Venstre kjempa hardt mot kraftutbygging i Engjadalselvi, sa NEI til kraftutbygging av Øyane i Fortun og går mot restutbygging av Vigdøla og dei andre elvane i Jostedal. Framtida tilhøyrer dei unge er ein av parolane til Venstre, og difor er miljøvern viktig for oss som lever i dag, men særleg for dei komande generasjonane som må leva med konsekvensane av det me har gjort.

På heimesida vår www.venstre.no/sognogfjordane/luster finn du valprogrammet vårt.
Av saker spesielt for ungdom vil vi nemne noko frå programmet:
at lokale bibliotek bør styrkast med tilbod for dei unge og ha fleksible opningstider
prioritera meir midlar til nærmiljøtiltak og møteplassar for alle, men særleg for ungdom
utvikla Sogn skisenter for vinteridrett og Luster idrettspark i Gaupne for sommaridrett
gje ungdom meir ansvar og mynde gjennom Ungdommen sitt kommunestyre
ha to-feltsveg vidare frå Nes til Fortun og tunnel gjennom Sognafjellet
ha regionalt motorsportanlegg
sikra transportilbod for unge
sikra Luster vidaregåande skule

Me håpar sjølvsagt du vil stemme Venstre, men det viktigaste er at du vel å nytte deg
av stemmeretten din og gjerne ekstrastemme til ungdommar på partilistene. Hugs at du kan førehandstemme over heile landet ved å ta kontakt med kommunen. Kommunen som tek mot di førehandsstemme sender det til heimstadkommunen din.

Magnus Ølnes (27 år), Gaupne
Sandhya Karlsen Holene (27 år), Hafslo
Jeanette Aaland Brun (26 år), Jostedal

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**