NEI TIL MEIR KRAFTUTBYGGING I JOSTEDALEN

Luster Venstre seier eit klårt nei til Statkraft sin konsesjonssøknad om å byggje ut dei siste frittrennande elvane på vestsida av Jostedalen og i nedre delen av alt regulerte Vigdøla. Bygdesamfunnet i Jostedalen og Vigdalen har gjeve frå seg nok av dyrebare naturressursar til storsamfunnet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**


NEI TIL MEIR KRAFTUTBYGGING I JOSTEDALEN
Luster Venstre seier eit klårt nei til Statkraft sin konsesjonssøknad om å byggje ut dei siste frittrennande elvane på vestsida av Jostedalen og i nedre delen av alt regulerte Vigdøla. Bygdesamfunnet i Jostedalen og Vigdalen har gjeve frå seg nok av dyrebare naturressursar til storsamfunnet.

På 1980-talet vart alle større sideelvar på austsida av Jostedalen og Vigdøla lagt i tunell og overført til Jostedal Kraftverk. Resultatet av dei over 20 bekkeinntaka er turrlagde elvefar og fossefall, m.a. er ein gong så mektige Geisdalsfossen redusert til eit sørgjeleg lite vassig.

På vestsida av Jostedalen ligg Leirdøla kraftverk og Tunsbergdalsmagasinet, som vart utbygt på 1970-talet. Statkraft vil no ta dei åtte sideelvane på vestsida av Jostedalen frå og med Myklemyr til og med Tverradøla i Krundalen inn i dette magasinet. Resultatet vil vere skjemmande, turrlagde elvefar under inntaka og desse blir også liggande midt i dalsida.

Luster Venstre er partiet i kommunen som klårt seier nei til Statkraftplanane om endå meir kraftutbygging i Jostedalen. Me har og tidlegare gått mot Hydro sine planar om utbygging av Øyane Kraftverk i Fortun. Nok er nok.

Me tek den sterke motstanden blant bygdefolket i Jostedalen mot desse kraftutbyggings-planane på alvor, ikkje minst er ungdomen sterkt i mot meir kraftutbygging i dalføret som er omgjeve av Jostedalsbreen og Breheimen Nasjonalpark.

Mange av dei utbyggingstruga elvane ligg i mykje brukte turområde, som er viktige både for fastbuande, reiselivet og framtidig tilflytting. For friluftslivet og bygdefolket er det viktig å ha eit turområde fritt for naturinngrep og ikkje minst at komande generasjonane skal få høve til å oppleve frittrennande elvar nær busetnaden i bygda. Det er og viktig at dei komande generasjonane skal ha att turområde i fri natur, det same gjeld for dei mange aktivitets-bedriftene i reiselivet i Jostedalen. Natur vil bli stadig meir etterspurd. Vår generasjon har gjort nok av store inngrep i vassdraga våre, lat det bli att litt urørt natur for framtida og komande generasjonar.

Fleire stemmer til Venstre ved dette kommunevalet eit signal til dei andre partia om at Venstre har støtte hjå innbyggjarane og må takast omsyn til. Vil du vera med å hjelpa Venstre til gjennomslag i sakene me brenn for, så
STEMMER DU VENSTRE !

For Luster Venstre
Steinar Bruheim
4.kandidat ved kommunevalet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 13 år siden.**