Konstituering av kommunestyre

Venstre med fast medlem av formannskapet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Venstre har inngått generelt samarbeid med SP,FrP, H og KrF om konstituering av kommunestyret og val av diverse utval og nemnder for perioden 2011-2015. Med dette er Venstre ein del av ei gruppe (posisjon) på 17 av 25 representantar om val av ordførar Ivar Kvalen og Geir Arve Sandvik som varaordførar.
Til konstituering av formannskapet og Plan- og forvaltningsutvalet stilte Krf og Venstre fellesliste medan dei andre partia stilte "reine" vallister.
For Krf/Venstre vart Jon Ove Lomheim valt til fast medlem av formannskapet, medan Steinar Bruheim vart valt til 2.varamedlem (KrF 1.vara- og 3.varamedlem)
Olaug Høyheim (KrF) vart valt til fast medlem av Plan- og forvaltningsutvalet, medan Ellen Havellen er 1.varamedlem og Steinar Bruheim 3.varamedlem (KrF 2.varamedlem)
Etter denne konstiteringa er Venstre etter 20 år tilbake igjen i formannskapet (like lenge har Jon Ove vore i kommunestyret).

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**