Gruppemøte 14.02.2012 kl. 19.30

Pga. omlegging av saks- og arkivsystemet i kommunen var det ikkje ordinært kommunestyremøte i januar. No er me i gang att, og Ål Venstre heldt gruppemøte 14.02 kl. 19.30 i Hatlehiet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Av saker som kjem opp kan nevnast følgjetongen med kloakkløysing for Sangefjell. Kommunen har sendt ut førespurnad til alle hytteeigarane i Sangefjell 1-2-3 og området Turrhaug/Nystølen om dei ynskjer å kople seg til eit framtidig kommunalt avlaupsanlegg. Responsen er nedslåande, dvs. liten svarprosent og gjennomgåande negativ haldning til kommunal medfinansiering. Rådmannens framlegg til vedtak, og politiske signal så langt, går mot at tilbodet vert trekt attende og at privat, fullverdig renseanlegg vert løysinga.

Saker elles gjeld tilstandsrapport for oppvekstsektoren 2011, ekspropriasjon ved bustadfeltet i Gunnarhaugen, ymse næringstilskot samt somme nemndsval som står att.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**