Fylkesårsmøtet 2012

Midsund Venstre har fått nye verv i fylkespartiet, og vi fekk gjennom ein viktig resolusjon.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Fylkesårsmøtet for Møre og Romsdal Venstre vart arrangert i Ålesund 25. og 26. februar, og Midsund Venstre stilte med to utsendingar (Bjørn Wang og Johan Oppen) og to observatørar (Rune Pedersen og Torill Rakvåg). I tillegg møtte Frits Inge Godø som leiar i valkomiteen i fylkespartiet.

Etter to lange, men interessante og inspirerande dagar reiste vi heim med ny energi og to nye verv. Bjørn Wang vart valt inn i styret for Møre og Romsdal Venstre, Johan Oppen er ein av to revisorar. Saman med Smøla Venstre fekk vi gjennomslag for ein resolusjon om at kommunane må sikrast sin del av verdiskapinga frå oppdrettsnæring og kraftproduksjon. Resolusjonsteksten finn du her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**