Vellykka årsmøte i Hå Venstre

Hå Venstre har hatt årsmøte med solid frammøte som vanlig. Årsmøtet handsama alle vanlige årsmøtesaker i tillegg til ein frisk og engasjerande politisk debatt. Året har vore prega av normalt politisk arbeid både lokalt og på fylkesplan. Leiaren i Hå Venstre, Tom Henrik Rosseland, er også kasserar i Fylkesstyret noko som gir god kontakt med det politiske arbeidet elles i fylket. Fleire av medlemmene har også vore aktive i ulike organisatoriske verv på fylkesplan og på årsmøter.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Hå Venstre har hatt auke i medlemstalet dette året også og er svært nøgd med det.

Tom Henrik Rosseland

Foto: Jon Arne Silgjerd

Det vart valt nytt styre som nå ser slik ut:
Leiar — Tom-Henrik Rosseland (bildet),
kasserar — Mindor Hatlegjerde,
sekretær — Jon Arne Silgjerd
styremedlemmer — May-Linn Njærheim, Janet Johansen og Ola Taksdal.

Årsmøtet noterte seg tilfreds at Hå kommune no kringkastar kommunestyremøta på web-tv, eit forslag som Hå Venstre har fremja fleire gonger tidligare. I tillegg er det svært positivt at tankane om å byggja dobbeltspor på jernbanen sørover frå Sandnes endelig er i ferd med å slå rot. Dette var Hå Venstre si store valgkampsak for 4 år sidan og det er flott å sjå at denne saka nå er blitt viktig for fleire parti.

Viktige arbeidsoppgåver framover blir å fylgja med på kommuneplanprosessen i Hå og koma med innspel til denne.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**