Dagens velferdsløysingar er ikkje berekraftige i framtida

Buskeruddelegat Sissel Urke tok del i velferdsdebatten under Venstres landsmøte. – Vi må vekk frå sektortenking og over til heilskapstenking, meiner ho.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**

 Dei beste handlingane er enno ikkje gjort, seier Sissel Urke.

Dei beste handlingane er enno ikkje gjort, seier Sissel Urke.
Foto: Dagfinn Ystad

God velferdspolitikk er politikk som krev vilje og evne til å tenke nytt, ein politikk som kan stille spørsmål ved dei etablerte sanningane, ein politikk som set borgarane i sentrum og let folk sjølv vere medskaparar for dei gode løysingane, og ein politikk som vrir innsatsen frå reparasjon til forebygging.

Urke som sjølv er psykiatrisk sjukepleiar i heimkommunen Ål, meiner at effektivisering ikkje er nok.

– Vi må utfordre frivilligheita, utforske nye arbeidsmetodar, driftsformer og organisering for å finne framtida sine løysingar på utfordringane. Ikkje minst utfordre profesjonstenkning og eksperttenkning. "Like barn leikar ikkje best", sa Sissel Urke.

Dette er heile talen:

Dette dokumentet (Venstres velferdsdokument, red. merk.) må ikkje settast to strekar under. Vi må heile tida spørje oss sjølve: Går vi langt nok i å tenke nytt? Er vi modige nok? "Den klokaste tanken er vel enno ikkje tenkt" – Kåre Valebrok. Og eg legg til: "Dei beste handlingane er enno ikkje gjort".

Dagens løysingar er ikkje berekraftig i framtida. Effektivisering er ikkje nok. I dag vel 1 av 6 ungdommar helsrerelatert utdanning. Viss vi skal videreføre tenestetilbudet på dagens nivå vil 1 av 4 ungdommar måtte velje denne vegen i 2025 og 1 av 3 i 2035. Og det er det vel ingen som trur er mogeleg?

Framtidas velferdsutfordringar handlar like mykje om kva slags framtidssamfunn vi skal bygge, som korleis helse- og sosialsektoren skal utvikle seg. Vi må vekk ifrå sektortenkninga og over på heilskapstenking. Ny samhandling, ny bolig, ny teknologi, ny næring, ny kunnskap. (Hagen-utvalet, Innovasjon i omsorg 2011/11).

Det er i mellomrommet mellom offentlig virksomhet og sivilsamfunn at spennende ting kan utvikle seg. Vi må bidra til å forløyse ressursar ved å sette samspelet med familien, det sosiale nettverket og lokalsamfunnet i sentrum for oppmerksomheita. Vi må utfordre frivilligheita, utforske nye arbeidsmetodar, driftsformer og organisering. Ikkje minst utfordre profesjonstenkning og eksperttenkning. "Like barn leikar ikkje best".

For at politikk ikkje skal ende i gode intensjonar må kommane vere robuste nok. Eg er glad for at Venstre set fokus på kommunestrukturen og er tydelig på behovet for større einingar.

Hallingdal, der eg bur, er ein region som har lange tradisjonar med samarbeid på tvers av kommunegrenser. (6 kommunar med til saman 20000 innbyggjarar). Mykje er velfungerande. Men etter mitt syn brukar vi for mykje tid og krefter på å forhandle om eit minste felles multiplum på fellesskapsløysingar. Gode initiativ druknar i lokaliseringsspørsmål og mistenkeleggjering av kvarandre sine motiv, og frykt for å miste det ein har. Eg er ikkje sikker på at det er smart ressursbruk og heller trur eg ikkje at det får fram dei beste løysingane for folk.

Venstre skal vere pådrivar lokalt og nasjonalt for å bygge en kultur for nytenking og endringsvilje.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**