Vellukka Venstredag

Visjonar for ein mijøvenleg samferdselspolitikk med persontransport på sjø som ein sentral del av kollektivtilbodet. Praktiske løysingar med røter i liberal tradisjon stod i fokus for samferdselspolitikar og kursleiar Alf Helge Greaker under Venstreskolen I

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**


Verken strålande sommarsol eller Torgdagen klarte å hindra eldsjelene i Venstrelaga i region vest frå å møta på Venstredagen på Kystkultursenteret på Langøy 9. juni.

Venstreskulen
Første del av dagen var avsett til Venstreskulen, del ein. Vi som møtte fekk styrka Venstre-muskelen, både

Alf Helge m/logo

Foto: Tor Blaha

med aktuell politikk, ideologi og historiske røter.

For Alf Helge Greaker (bilete), kursleiar og nestleiar i samferdselsutvalet i Hordaland var dagens regionale samferdselspolitikk og særleg Regional Transportplan (RTP) eit sjølvsagt politisk tema å ta utgangspunkt i.

Kollektivsatsning
Miljøpartiet Venstre ønskjer eit sterkare fokus på kollektivtransport. I det folkerike Bergens-området kan vi ikkje lenger løysa persontransportutfordringane gjennom å byggja nye vegar.

Stolte tradisjonar
Venstre sin ideologiske ståstad i norsk og internasjonal liberal tradisjon var og eit sentralt tema på ein slik dag. Venstre har ein stolt historie som brubyggjar mellom borgarleg og sosialistisk side, og kan visa til heile åtte statsministre gjennom Norge sin parlamentaristiske periode. Mykje av forklaringa finn vi i at partiet har vore pådrivar for viktige ordningar som 8-timarsdagen, kvinneleg stemmerett, innføring av eit eige norsk skriftsspråk og unionsoppløysinga.

Andre del av Venstreskulen vert arrangert til hausten.

Sommartreff
Venstredagen vart avslutta med det årlege sommartreffet. Ein fin anledning til å verta betre kjend med andre Venstrevenar i ein uformell samanhang, og over mykje god medbragt sjømat.

Kystkultursenteret, med møtelokale inne og lune uteplassar viste seg å vera ei ideell ramme rundt Venstredagen.

– Sjøen som infrastruktur i kollektivtrafikken –
Eit saumlaust transportsystem der båten kan konkurrera i tid, der publikum opplever overgangen mellom sjø og land som einkel og med eitt gjennomgåande billettsystem.

Det er styreleiar Helge Skaar i reiarlaget BNR som skisserer desse tre vilkåra for etablering av kommersielt

Hurtigbåt

Foto: privat

vellukka båtsamband i Sotra-regionen. Skaar var henta inn til Venstreskulen for å belysa operatørane sine praktiske utfordringar dersom persontransport på sjø skal kunna få ein renessanse i ein region der store delar av både busetnad og næringsverksemd føregår i 100-metersbeltet.

Miljøsatsning
Miljøpartiet Venstre ønskjer eit sterkare fokus på kollektivtransport. I det folkerike Bergens-området kan vi ikkje lenger løysa persontransportutfordringane gjennom å byggja nye vegar.

Natur

Foto: Luth

Trass ideelle naturgjevne føresetningar og stolte sjøfartstradisjonar har pendlarrutene på sjøen måtte fortøya til kai til fordel for ein trend som byggjer opp under den veksande privatbilismen.

Etterlyser satsing på sjøtransport
– Bane har dei seinare åra fått eit offentleg løft. Bane vert i dag oppfatta som trendy, sa Skaar. Styreleiararen i BNR etterlyste ei tilsvarande satsing på sjøtransport i Hordaland som den Norge, og særleg Oslo-området, har opplevd når det gjeld bane siste tiåret.

Blanda erfaring
Reiarlaget BNR opererer i dag tre pendlarruter i regionen: Snarveien mellom Kleppestø og Bergen har blitt ein suksess, med over 300.000 årlege reisande, Hernarruta og ferjerute Klokkarvik — Hjellestad.

Kring årsskiftet gjorde selskapet eit forsøk med båtrute mellom Nordhordland og Bergen. Manglande samkjøring med Skyss-systemet gjorde tiltaket til eit kortvarig tapseksperiment, ifølgje Skaar.

Rutesambandet Bergen — Nordhordland inngår i kollektivpakkane som samferdselsavdelinga i Hordaland fylke no har ute på anbod.

– Skrevet av Liv Strømme

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 12 år siden.**