Kvernaneset for viktig for Venstre

På måndagens gruppemøte gjekk Venstre samrøystes inn for å behalda Kvernaneset som friluftsområde.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

Håkon Frode Særsten

Håkon Frode Særsten

På Stord Venstres gruppemøte måndag vart saka om ferjesambandet mellom Stord og Kvinnherad diskutert i høve saka på torsdagens kommunestyremøte. Etter at formannsskapet hadde gått inn for Kverneneset som nytt ferjestø.

-Hjå oss i Venstre er det viktig å lytta til medlemma, og det er der avgjersla vert fatta så våre medlemmar får mogelegheit til å delta, seeier Venstre-leiar Håkon Frode Særsten.

Stord Venstre sitt gruppemøte gjekk samrøystes inn for å behalda Kverneneset som friluftsområde.

– Me tok ei grunndig vurdering av alle sidene ved denne saka, og enda ner på at det var uforsvarleg i høve biologisk mangfald, jordbruksareal, friluftsområde og flott natur, fortset Særsten

I tillegg tatt i betraktning dei nye opplysningane om traseval E39 vurderar Venstre det som feil tidspunkt å avgjere endring i ferjesambandet.

– Reduksjona i reisetid kan oppnås ved å nytta raskare og miljøvenlege ferjer, avsluttar Særsten

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**