7 Gode grunnar til å Stemma Stord Venstre!

Saman tar me Stord framover!

Her kan du lesa Stord Venstre sitt valprogram for 2023-27

Stord Venstre sitt valprogram byggjer vidare på satsingane med politisk prioritering av oppvekst og skule, ei grøn omstilling på lag med næringslivet, helse og omsorgstenester for alle, og ein optimistisk og positiv kultur- og byutvikling i heile kommunen.

Skoleelev som rekker opp hånden

1. Venstre vil gjennomføra eit heilskapeleg oppvekstløft på Stord!
Ei god oppvekst er ei investering for livet, og det er me vaksne som legg grunnlaget for dette. Det styrkar oss i alle andre områder, og gir borna ballast for livet.

Derfor ønsker Venstre ein styrka grunnbemanning i barnehagane og fleire yrkesgrupper inn i skulen, m.a. miljøterapeutar. Me ønsker ein leksebevisst og mobilfri skule, med meir tid til fysisk aktivitet og sosialisering. Me treng å styrka skuleleiinga for å gje god oppfølging på mobbing og fagfornying.

Me vil sikra grep for god familieoppfølging av førstegangsfødande, og attraktive leikeareal for born.

På skulebygg vil Venstre prioritera å sikra nye lokaler på Leirvik og Langeland skule.

2. Skapa ein kommune som tar ansvar for Miljø og Klima
Venstre ønsker å endra politikk. Me må ta meir omsyn til nærmiljøet vårt og vår forureining av klima og miljø. Tida for forureinande plastgranulat på fotballbanar må ta slutt, tida der me tar alt for lett på Naturtapet skal snus.

Derfor ønsker Venstre høgare næringsbygg på Heiane, istedenfor flate lagerhallar som breier seg utover meir skog og mark.

Me vil mellom anna ha solceller på kommunale bygg, samt sikra at me ikkje lenger brukar forureina jordmassar som spreier svartelista artar. Og mykje mykje meir!

Ann Kristin (7.), sjukepleiar og Alaa (5.) Helsefagarbeidar

3. Sikra Ny Sjukeheim og betre arbeidsforhold for helsepersonell
Venstre vil bygga ny sjukeheim og 64 nye sjukeheimsplassar i Sagvåg. Skal me klara det må me også rekruttera helsepersonellet til å bemanna både dei nye og dei me har. Det klarar me ikkje i dag.

Venstre vil gjera store grep for å betra arbeidsvilkåra og gjenreisa kommunen som attraktiv arbeidsgjevar.

Betre arbeidsvilkår, lågare sjukefråvær og nye turnusordningar med fleire kollegaer vil ivareta eit godt arbeidsmiljø, sikra trivsel og medføra at fleire ønsker og evner å bli ståande i helse og omsorgsyrker.

Ny sjukeheim bør stå klar i 2026. Sjukeheimen bør vere i Sagvåg, då ein alt for stor sjukeheim i Knutsaåsen medførar at ein tapar smådriftsfordelar som kjennskap til bebuarar og motsett.

Knut Eide Løkhammer 3 kandidat (9)
Knut Eide Løkhammer 3 kandidat (9)

4. Utvikla og sikra samspel og gode vilkår for Næringslivet
Du som kreativ initiativtakar i næringsliv skal vil alltid møta eit Venstre som er ein medspelar i å få ting til å skje.Behova er ulike og skiftane, men vårt felles mål er å sikra at me bygger ein attraktiv kommune som klarar å tiltrekka seg kompetent arbeidskraft. Samstundes som me møter næringslivet med service og samarbeidsvilje.

Venstre vil sikra raskare sakshandsaming, for å trygga at verksemder får svar på søknadane sine. Samt justera gebyra så det er meir overkommeleg å søka kommunen.

5. Ivareta og støtta ei kulturell og meiningsfull fritid
Stord skal vere ein stad for fritid, livsglede og den meiningsfulle tida. Det lokalsamfunnet me ønsker, skapar me saman. Gjennom dialog og møter mellom mennesker.

Derfor vil Venstre sikra rimelegare halleige så eldsjelar kan nytta meir tid på aktivitet heller enn dorull-sal, me vil styrka kulturskulen og kulturhuset, og skapa ein ny fritidsklubb for Leirvik-Nordbygdo aksen.

Venstre vil vere medspelar og tilretteleggar når kreative sjelar vil skipa til aktivitetar.

6. Utvikla regionen og byen Stord
Stord skal vere ein raus storebror og leiar i Sunnhordland. For Venstre er det viktig at me samarbeidar med nabokommunane våre og medvitne vårt ansvar som storebror i Sunnhordland.

Derfor vil me arbeida tett med Høgskulen, Sunnhordlandsrådet, Stord Sjukehus/Helse Fonna, Vegvesen, Fylkeskommune, Politi og nabokommunane om å utvikle tenestetilbod og sikre at tenester og tilbod vert lagt også til vår region.

Rådhuset på Leirvik

7. Open dør og dialog alltid
Gjennom samarbeid og inkluderande prosessar sikrar me dei beste løysingane for kommunen vår. Venstre vil alltid søka gode løysingar i dialog med innbyggjarar, tilsette, næringsliv og lag og organisasjonar. Frivillige skal inkluderast

Venstre vil alltid vere eit positivt og optimistisk parti i dialog med alle kommunens innbyggarar. Slik finn me dei gode løysingane for ei berekraftig og inkluderande framtid.

Saman tar me Stord framover!

Her kan du lesa Stord Venstre sitt valprogram for 2023-27

Stord Venstre sitt valprogram byggjer vidare på satsingane med politisk prioritering av oppvekst og skule, ei grøn omstilling på lag med næringslivet, helse og omsorgstenester for alle, og ein optimistisk og positiv kultur- og byutvikling i heile kommunen.