Lærarane veit best å organisera læringa

Geir Angeltveit går ut med støtte til lærarorganisasjonane som driv å diskuterar evt. drastiske endringar i deira arbeidstidsreglement saman med KS.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


Det er med uro me vert vitne til striden mellom Kommunenes Sentralforbund (KS) og lærarorganisasjonane kva gjeld avtalen om arbeidstidsreglar. KS er i ferd med å gjera undervisningstilbodet i kommunane ei bjørneteneste ved å foreslå og ynskje eit enda større fokus på skjematisk og byråkratisk tankegang. Det var ingen som vart lærar for å kvestast i papirmølla, då må ein ikkje berre stogga denne utviklinga men reversera den.

Elevar skule kø The wall

Foto: Roger Waters, The Wall

Me går i møte med ei tid der mange lærarar vil gå ut i pensjon, samstundes som rekrutteringa ikkje er tilstrekkeleg. Mange titalstusen utdanna lærarar arbeidar ikkje i yrket lenger. Skal ein ha håp om å reintrodusera og rekruttera fleire til læraryrket så må ein få bukt med papirmølla og gje læraren meir tid til å vera lærar — ikkje byråkrat.

KS sitt forslag vil flytta ein større del av læraranes arbeidstid til periodar der elevane ikkje er på skulen. Når KS argumentera med at lærarane kan/skal nytta denne tida til undervisningsplanlegging og kompetanseheving, visar det at ein verken har skjønt at undervisning er ferskvare eller at reell kompetanseheving ikkje nås gjennom fem-dagars kurs. Langtidsplanlegging utgjer ei svært lita del av læraranes arbeidsoppgåver. Den store brøkdelen av læraranes arbeidsoppgåver må utførast fortløpande og kan ikkje settast på vent til elevfrie periodar. KS visar i lita grad omsyn til særeigenskapane ved læraryrket.

Autonomi, kompetanse og tilhøyrsle er sjølve fundamentet for motivasjon, fjernar ein autonomien så undergrev ein mange andre mål ein måtte ha i utdanningssektoren. Ved å redusera læraranes mogelegheit til å utføra sitt fag slik dei sjølv veit er best, gjer me læraryrket mindre attraktivt, både for dei som allereie er i skulen og for framtidige lærarar.

Stord Venstre støttar difor lærarane. Me er ikkje tent med ein skuleeigarpolitikk som vil ha som konsekvens at me jagar vekk nettopp dei arbeidstakarane me gjerne vil ha. Då kan prisen for nokre kroner spart verta alt for høg.

Geir Angeltveit, Ungdomskandidat Stord Venstre

Med liberal helsing,

Geir Angeltveit
Stord Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**