Ambisiøs kollektivsatsing også i Sunnhordland

Den 5. mars er det formannsskapsmøte i Stord kommune. Ei sak som skal opp der er høyringssvar til fylket ang. Framtidig kollektivstrategi for Hordaland. I den samanheng har rådmannen utforma eit forslag til vedtak.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


«Forslaget frå rådmannen er ikkje dårleg, men det burde vore meir ambisiøst. Stord og Sunnhordland-regionen har fleire utfordringar og eit stort uutløyst potensiale i kollektivreisande.» Seier Venstres partileiar på Stord, Håkon Frode Særsten.

Det er ikkje ukjend at mykje av kollektivsatsinga vert lagt til Bergen, og bybanen. Samstundes har Bergen vorte om til ein sokalla «einskapstakstsone,» der heile kommunen er ein og same takstsone. Til samanlikning består Stord av ca 10 sonar, Fitjar av 9 sonar, Bømlo av 17 sonar og Kvinnherad av heile 30 soner! (Nokre av sonane er litt overlappande mellom kommunane.

Sonekart Hordaland;

 Trykk på biletet for større versjon. (PDF) Dette visar korleis dagens

Trykk på biletet for større versjon. (PDF) Dette visar korleis dagens “løysing” for soneinndeling i Sunnhordland er.
Foto: Skyss

Sonene er måten billettprisen og Skyss’ kortprisen vert avgjort. Jo fleire sonar, jo høgare pris.
«Når målet er fleire reisande over på kollektiv, så må me få til oversiktelege og kjente betalingsmønstre, ein skal veta at bussen kjem og kva den kostar, uansett kor i kommunen ein er.» seier Særsten.

Prisskjema soneinndeling;
https://skyss.no/Global/Priser/Priser_buss_bybane_01022014.pdf
https://skyss.no/Global/Priser/Priser_buss_bybane_01022014.pdf

Ein student som bur i Åsane i Bergen kan betala 2075kr i halvåret for sitt student-Skyss og reisa til UiB, Høyden.

Ein student som bur i Sagvåg og vil til HSH må reisa gjennom 3 soner, og må dermed ut med 2385kr. Ein student som bur på Rubbestadneset som vil til HSH må betala 3495kr for å kryssa 7 soner.

 Håkon Frode Særsten

Håkon Frode Særsten
Foto: Særsten

Ein bussbillett frå Lagunen til Åsane kostar 31kr på automat (41kr om kjøpt av sjåfør i Bergen), medan ein billett frå Fitjar til Rommetveit kostar 58kr. Samstundes har ein naturleg nok også eit langt betre kollektivtilbod i Bergensregionen.

«I møtet vil eg fremma forslag om at me ber fylket redusera talet sonar i Sunnhordland. I byrjinga bør ein gjere det slik at ein kommune vert ein takstsone.» Særsten som også skal på felles formannsskapsmøte med dei andre kommunane i Sunnhordland fredag 7. mars.

«No på fredag er det felles formannsskapsmøte med Sunnhorlands-kommunane, på sikt bør heile regionen vera ein og same takstsone.» Avsluttar Særsten.

Prisen for dette håpar me å få på bordet når det avsluttande arbeidet med færre soner i Sunnhordland er ferdig. Gjeldande handlingsplan for Skyss seier at dette leggjast fram snart. Kostnadar må korrigerast for passasjertilvekst som følgje av redusert pris, typisk for studentar, men også bompengje-«gjerrige» billistar.

Forslag til tillegspunkt sak 9/14 Kollektivstrategi for Hordaland, Høyring.

«Betalingsløysinga i Stord Kommune og regionen generelt er dårleg. Fylket bør på kort sikt redusera talet på takstsonar i regionen til maks ein sone per kommune, slik dagens løysing er i Bergen Kommune. På lang sikt bør ein leggja til rette for ei takstsone i heile Sunnhordland.»

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**