Dalai Lama skal vere velkomen!

Eg undrar meg over at Dalai Lama ikkje blir ønskt velkomen av regjering, stortingspresident — og at Arbeidarpartiet ikkje vil uttale seg om han er velkomen, skriv Jan Kløvstad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**


5. oktober 1988 var det tidleg og solid snøvær i Enebakk. I snøføyka kom Dalai Lama, som privat gjest til ei samling hos familien Butenschøn. Kinas ambassade var veldig aktive med å ringe til alle parti og partileiarar og fortelle at å møte Dalai Lama ville bli sett på som alvorleg for forholdet mellom Norge og Kina.

Dalai Lama - 2014

Foto: Minette – Wikimedia

Alle partileiarar var inviterte til å møte Dalai Lama. Den einaste partileiaren som trossa Kinas ambassade var Venstres Arne Fjørtoft. I tillegg møtte Høgres tidlegare kulturminister Lars Roar Langslet og eg, som på den tida var informasjonssjef i Venstre. Ingen andre politikarar turde møte Dalai Lama. Eg hadde "gleda" av å ha alle samtalane med Kinas ambassade. Eg har hatt hyggelegare telefonsamtalar.
Ved eit langbord i Enebakk snakka Dalai Lama om menneskerettar, demokrati, respekt for kulturar og ulike religionar. Vi som tok sjansen på å diskutere med han var vi tre frå det politiske miljøet, medlemer av Tibetkomiteen og ei gruppe frå Universitetet i Oslo, pluss initiativtakar og vert Hans Butenschøn. Kinas ambassade ville truleg vere svært interesserte i ein kopi av gjesteboka som vi alle skreiv oss inn i.
Året etter kom det modige vedtaket om å gi han Nobels fredspris. Da hadde eg trudd at Dalai Lama som alle andre fredsprisvinnarar skulle møte åpne dører og åpne sinn kvar einaste gong han kjem til Norge. Vi kan ikkje ha slike pinlege utspel som at stortingspresident Olemic Thommesen (Høgre) ikkje vil møte han og at Stortingets visepresident Kenneth Svendsen (Frp) foreslår at ein fredsprisvinnar kan gå inn ei bakdør til Stortinget. Venstre går inn hovuddøra – saman med Dalai Lama.
Det er flaut det som skjer nå. Regjering, stortingspresident og alle andre må ønske Dalai Lama velkomen. Det er ikkje for seint å snu. Det er ennå noen dagar til 9. mai.

Jan Kløvstad
Sekretær i Agder Venstre, bystyremedlem i Arendal

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**