Vil «freda» Landåsen

I torsdagens kommunestyremøte skal kommunestyret på Stord handsama kommunedelplan for E39 mellom Heiane og Nordre Tveita. Venstre-politikarane Astrid Larsen og Geir Angeltveit på Stord ønskjer å fjerna Landåsen som eit alternativ.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**

 Det er dette alternativet tvers gjennom Landåsen som Stord Venstre ønskjer av bordet.

Det er dette alternativet tvers gjennom Landåsen som Stord Venstre ønskjer av bordet.
Foto: Statens Vegvesen

– Eg trur ikkje det er nokon på Stord, verken i kommunestyret eller elles som ønskjer å dela Landåsen i to, seier Angeltveit.

Stord Venstre ynskjer ikkje at ein skal legga E39 tvers gjennom Landåsen. På kommunestyremøtet 19. juni skal ein fastsetta plan- og utgreiingsprogram for konsekvensutgreiinga av E39 mellom Heiane og Nordre Tveita.

I forslaget til denne planen frå Statens Vegvesen er det eit alternativ som innebærar at vegen vert lagt tvers gjennom Landåsen.

Fem alternativ

Foto: Sunnhordland

«Bynære friluftsområde er gull verdt for trivsel og folkehelse. Landåsen er brukt av folk i alle aldrar nesten heile døgeret, og er vår «Nordmarka.» Ved å behalda Landåsen slik den er i dag legg Stord Kommune til rette for å kunna ta gode val for helse, og for dei gode opplevingane. Alternativ trasé gjennom Landåsen bør ut av planprogrammet før konsekvensutgreiinga». Dette seier Astrid Larsen, som er Venstre-politikar, styreleiar for Friluftsrådet Vest, og kvardagsfriluftsmenneskje. Og er samd med Angeltveit i at dette ikkje er eit god løysing.

Det er fire andre alternativ som alle ser langt betre ut enn å kryssa Landåsen. Samstundes som ein får ei forbetring av denne vegen ynskjer Venstre også å få på plass ein god sykkeltrasé mellom Heiane og Leirvik. Det er per dags dato langt frå tilfredsstillande.

Å klart formidla at ein ikkje ynskjer å konsekvensutgreia miljøfientlege alternativ kan gjerne kosta ein ny høyringsrunde. Kunnskap visar at konsekvensutgreiingar oftare førar til miljøinngrep enn å la vera.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 10 år siden.**