Angeltveit innstilt som ordførarkandidat for Stord Venstre

Geir Angeltveit med Sunnhordland Unge Venstre i rådhussalen., Andreas Kolstad

Framføre valet i 2015 ønskjer nominasjonskomiteen til Stord Venstre at Geir Angeltveit skal toppa lista.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

 

Stord Venstres årsmøte 2015.
Åge Aadland, Geir Angeltveit og Maria Irgens.

Kven komiteen meinar bør toppa lista går ein no ut med på tampen av året. Nominasjonskomiteen beståande av Håkon Frode Særsten, Astrid Larsen, og Else-Berit Helle har ønskjer om at noverande kommunestyrerepresentant Geir Angeltveit skal toppa lista ved valet neste år.Nominasjonskomiteen til Stord Venstre har i løpet av desember klargjort si innstilling til lista for kommunevalet 2015. Lista har blitt lagt fram for lokallaget, og vert lagt ut rett over nyttår.

«Geir Angeltveit kom inn i kommunestyret som eit kanonskot i 2011, og me har hatt stor glede av hans deltaking og engasjement i lokallaget. Han har vist seg som ein seriøs, framtidsretta og initiativrik politikar som tør stikka hovudet fram. Difor meinar me at han vil gjera ein ypperleg jobb som ordførarkandidat.» Seier Særsten som var ordførarkandidat i 2011, men som ikkje tar gjenval neste år.

Angeltveit er for tida leiar av programkomiteen til Stord Venstre, samstundes som han også har blitt nominert til å vera 3. kandidat til fylkestinget for Hordaland Venstre.

«Eg takkar svært mykje for tillitten frå komiteen. Eg arbeidar hardt med å samla god politikk i programmet vårt, og har ambisjonar om at Stord Venstre skal veksa. Samstundes er det ein del større utfordringar i Stord Kommune som me må ta fatt på, og då må me byrja løfta blikket og sjå enda lenger framover.» Seier Angeltveit.

Den endelege lista vert vedtatt på Stord Venstre sitt årsmøte 26. Januar. Heile innstillinga vert offentleggjort rett over nyttår, men det vil vera mogeleg å på årsmøtet gjera endringar på denne, om nokre ønskjer seg opp, ned, på eller av lista til dess. Er du interessert er det framleis mogeleg. Ta kontakt om det freistar å vera ein av Stord Venstres mange gode kandidatar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**