Vil ha klart svar om naturperlene våre

Birger Sætrevik

I ein artikkkel i Sunnhordland går ordførarkandidat Geir Angeltveit på offensiven for naturperlene i kommunen. Samferdslepolitikken har som ofte fokus på korleis ‘skånsomt’ dekka den flottaste naturen med asfalt. Ein del natur bør aldri dekkast med asfalt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Geir Angeltveit Ordførarkandidat Geir Angeltveit ønskjer å verna om Kvednaneset og Landåsen. Entusiasmen for naturperlene våre må tilbake.

Geir Angeltveit Ordførarkandidat Geir Angeltveit ønskjer å verna om Kvednaneset og Landåsen. Entusiasmen for naturperlene våre må tilbake.
Foto: Bladet Sunnhordland

– Denne saka blei laga i midten av januar, og konteksten då var forkant av formannskapsmøtet, og årsmøtet i Stord Venstre med partiets resolusjon på desse emna, som ein kan lesa her.

I samferdslesaker er det ofte naturen som vert taparen, men nokon gongar er det viktig å setja foten ned. Har du først lagt asfalt, så er det for seint å angra, seier Geir Angeltveit på vegner av partiet sitt.

Generelt, og spesielt om dei to aktuelle sakene på Stord. Ferjestø-debatten og trasé E39 Heiane-Nordre Tveita.

Eg saknar engasjement og entusiasme frå formannskap og ordførar Liv Kari Eskeland (H) i spørsmåla som råkar friluftsområda våre, seier ordførarkandidaten.

Angeltveit saknar også rasjonaliteten i maktbalansen mellom kommunen og vegvesenet. Vegvesenet seier klårt at dei ønskjer å utgreie dette alternativet, og om dei ikkje får det så kan det vera aktuelt å ta planen frå kommunen uansett.

Det er arrogant å oppføra seg slik av vegvesenet. Byrjar dei slik allereie no så har ikkje Stord Kommune noko myndigheit uansett. Då kan dei berre ta kontroll over planen, seier Angeltveit.

Artikkelen i sin heilskap kan ein lesa i dagens Sunnhordland her. 6. Februar, 2015.

 Kvednaneset, slik det faktisk er.

Kvednaneset, slik det faktisk er.
Foto: Birger Sætrevik
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**