Stord Kommunale Eigedom KF hadde fått i oppdrag å sjå på ulike alternativ for å utbetra skulen, og for å kunna samanlikna kostnadsbiletet for:
1) Kongen på Haugane
2) Rehabilitering
3) Modul / Elementbygg
Dei har saman med arkitektane gjort nokre endringar i prosjekta. Kongen er utvendig lik, men gjort meir kompakt innvendig. På Rehabilitering oppdaga dei store utfordringar som gjer det langt meir kostbart enn antatt.
Mykje av dei same problema finn ein igjen ved eit modulbygg, og som ikkje eignar seg fullt ut til å byggja alt det ein har behov for.
Kongen på Haugane
Mange elevar og tilsette har hatt vansker med dagens bygg, og det er slitt og dårleg utforma. Planen er å få på plass ungdomsskulen på Vikahaugane, og så ta fatt på Nysæter Ungdomsskule.
Kostnadane vert dermed førespeila slik:
Areal m2 | Kostnadar pr. Kvm | Kostnadar inkl. mva | ||||||
Kongen på Haugane | 4 922 | Kr | 39 900,- | Kr | 196 387 800,- | |||
Rehabilitering/Nytt tilbygg | 6 347 | Kr | 38 700,- | Kr | 245 628 900,- | |||
Modul/ Elementbygg | 5 358 | Kr | 40 200,- | Kr | 215 391 600,- | |||
Kostnadar på midlertidig drift | Kr | 9 400 000,- | ||||||
Venstre håpar no at ein endeleg kan få på plass ein heilt ny skule, slik at ein kan få bukt med dei dårlege forholda som ein finn her. Innemiljø er svært viktig for læringsmiljø, seier Geir Angeltveit.
– Me ser at med alle dei bruktbilsymtoma ein finn i dagens skulebygg, så vert nybygg både best og rimelegast.
Sak om Kongen på Haugane vil koma opp i kommunestyret 18. juni.