Meningsbryter

Meningssbryter

Han les avisene før dei kjem ut. Ikkje rart han er vrien å diskutere med.

Dagleg diskuterer og arresterer han landets fremste journalistar, redaktørar, statssekretærar, politiske rådgjevarar, partileiarar og fleire av landets ministrar. På Twitter passerer han i desse dagar 40.000 innlegg, eller tweets som det heiter. Der har han sikkert fleire digitale meiningar og følgjarar enn resten av hallingane til saman.

FÅ MEINER LIKE MYKJE, like sikkert, og like fort som @SteinarBl. Forspranget får han blant anna ved å lese morgondagens aviser på nett dagen før. Hadde ikkje Hallingdølen besøkt han akkurat midt under Dagsnytt 18, eller #dax18 som det heiter på «twittersk», så hadde dei vel 3000 som føljer han opplevd spissformulerte og gjerne provoserande meiningar, som regel saklege – meiner han sjølv.

Kvart utspel er på 140 teikn – som ein slags moderne haiku-arvtakar. «Enten forstår ikke @trond_giske forskjellen og alvoret, eller så er han flåsete. Hva som er verst vet jeg ikke» skriv han til dømes og viser til eit oppslag i Dagens Næringsliv der næringsministeren har uttala seg om formuesskatt. Eller han kan stille First House-lobbyistane til veggs, eller peike på regjeringsapparatet sin manglande argumentasjon.

No pratar landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum i bakgrunnen. Normalt ville Steinar då vippa brillene ut på nasetippen, gripe tak i lesebrettet og spissa øyra – klar for hogg. Det er likevel ikkje Senterpartiet spesielt han vil til livs.

– EG ER GARDSGUT veit du. Far min var rektor på landbruksskulen, seier han og slår momentant om til totning. Sjølv om han som totningen har god kjennskap til landbruk, vart han økonom. Siviløkonom. Og det er med økonomar som med potetene, dei kan brukast til alt.

Det gjer CV-en hans i dag både innhaldsrik og fargerik. Kortversjonen er slik: Han var i si tid med og starta opp Canal Digital, var økonomisjef i Bama-gruppen, Optimera og Avisa Valdres. Etter 15 år med pendling vinterstid for å køyre ski, gjorde han hemsedøl av seg for om lag ti år sidan. Jobben var på Skogstad hotell. Det eine førte til det andre og ein dag fekk han spørsmål frå Norlandia om han kunne drive hotellet også. Han fortel om ei hektisk tid og over 300 arbeidstimar enkelte månader.

– Det var mykje arbeid men også moro. Eg er ein sosial person, som får energi av dei rundt meg. Høgt tempo og trykk skapar energi, seier han.

TRYKK OG ENERGI er stikkord også for det han driv med i dag. Industriverksemda Torco har ei 50 år lang historie som produsent av hyllereolar bak seg. Sidan 70-talet har produksjonen gått føre seg på Gol. Eit resultat av distriktspolitikk, passar @SteinarBl på å skyte inn. Det siste året er det han som har leia verksemda. Det er utfordrande å drive industri, som ikkje er oljerelatert – i innlandet, vedgår han.

På den meste var omsetnaden 40 millionar kroner. I dag er talet halvert. For tida står 20 tilsette bak stansemaskinene, knekkebenkane og pulverlakkanlegget fire dagar i veka. Når det meste av porteføljen handlar om biblioteksreolar er det ikkje likegyldig korleis det står til med kommuneøkonomien.

Her føljer ei kort forklaring om korleis nedbygginga av dei offentlege biblioteka har vore. Og om gjelda til kommunane som har skote i vêret. Kombinasjonen er ugrei, så Torco ser også på mogelegheiter i nye produktområde og samarbeid med andre bedrifter i Hallingdal.

– Dessutan har eg uvanleg lojale medarbeidarar, seier han. Likevel er det lov å håpe at «kulturløftet 3» blir noko meir enn berre fagre ord. Han er optimist på Torco sine vegner.

SAMFUNNSENGASJERT som han er, meiner Bleken å ha gjennomskoda ein og annan samanheng. Utan å bli utprega konspiratorisk er han også sikker på at løysingane i dei fleste tilfelle ligg godt utanfor ei raud-grøn regjering. Også utanfor Høgre viser det seg, partiet han har støtta ei årrekkje.

– Det var Høgre si støtte til datalagringsdirektivet som fekk meg til å melde meg ut. Sjå berre på Snowden-saka, kor hårreisande det er. Overvakinga vil berre bli verre. Demokrati handlar for meg om at folket vel og kontrollerer makta. Med datalagringsdirektivet blir alt snudd på hovudet, seier han.

Difor følgjer han i tippoldefaren Lars Oftedal sine fotspor. Han var i si tid med på å starte partiet Venstre, og grunnlag også Stavanger Aftenblad og Indremisjonen. Sjølv tek Steinar til takke med eit lokallag av Venstre. Religion held han seg unna, også på Twitter.

– Eg held meg mest til faktasaker. Kjensler held eg meg unna, seier han med trua på at partiet kan få både ni og ti mandat på Stortinget.

– Sjeldan har vel valet vore meir ope og spennande, seier han. Om to år stiller Venstre truleg også liste i kommunevalet i Hemsedal. Målet er å få inn éin representant.

SOM ALLTID ER HAN BESTEMT. Som alltid går han inn i det 100 prosent. Slik må det også vere når ein har som prinsipp å alltid vere blant dei tre-fire prosentane av oss som er best i ein disiplin. Slik er han som fotograf også. Innvendig er bustaden hans nærast tapetsert med utsøkte hemsedalsmotiv. Bak kvart bilete ligg timar med slit, for å finne rett stad og motiv, med rett sollys på rett årstid. Helst akkurat den augneblinken der to årstider møtest.

– Ideelt sett skal det vere kjende motiv, med ukjend vinkling eller lys, seier han frå sofakroken og klarar ikkje dy seg anna enn å kome med eit par tips når Hallingdølens utsende finn fram kameraet for å avfotografere han. Bak han ser biletet av Rjukandefossen ut som eit mektig hav som er i ferd med å renne ut i stova hans.

PÅ GOLVET LIGG WINNIE. Hunden skulle først bli førarhund tenkte han, men no tek dei to kurs for å bli lavinehund i staden. Det er eit resultat av at dei to ofte var blant dei første på ulykkesstaden då det gjekk så mange snøskred sist vinter. Folk mista livet fordi det tok tid å grave dei fram. Det finst ingen redningshund i Hemsedal, trass i ein aukande toppturtrend.

Steinar ser etter praktiske løysingar. Slik han gjer når han tek ordet på folkemøta i bygda. Ikkje sjeldan presenterer han eigne løysingar med overtyding. På Twitter snakkar han i tillegg med utestemme.

– Eg trur ein del politikarar brukar Twitter som ein slags følekanal, for å lufte og teste meiningar. Eg endrar nok ingen sine meiningar, men eg ser på meg sjølv som ein aktiv spelar i demokratiet, seier han. Påfallande treffande blir det då at han har adresse i Stupulvegen. For det er det han er. Ein stupul – eit frittståande klokketårn, som kimar i tide og utide. Lettare hyperaktiv, sjølverklært sosialliberalist og med ei bipolar politisk liding som radikal konservativ. Framleis er det på Twitter alt skjer, men snart står han også klar i valbua for Venstre.

Det er valkamp

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**