Borna først!

Bullagarden og Valestrand skule, Foto: Kjersti I. Vevatne

Osterøy kommune skal i gang med eitt av dei største byggeprosjekta på mange år; utvikling av skulestaden Valestrand-Hauge. Osterøy Venstre ønskjer at borna og elevane skal ha hovudfokus i diskusjonen, og at ein tek seg tid til å sikra dei kvalitetane ein ønskjer i Osterøyskulen.

Fire ulike tomtealternativ er blitt vurdert, og konsulentfirmaet har kome med tilråding. Alle fire skuletomtene er gode, men der er først og fremst skilnader i pris og nærleik til Valestrand. Ut frå dette har dagens tomt på Valestrand blitt tilrådd (dersom ein greier å få til gode trafikkløysingar), og dagens skuletomt på Hauge er rådd i frå. Dei to andre alternativa ved Elvikaneset og ved Viborgsrinden (sjukeheimen) er også gode alternativ, der Viborgsrinden er rimelegast av desse to. Konsulentrapporten er eit godt kunnskapsgrunnlag for ei vidare drøfting. Administrasjonen har signalisert ovarfor foreldra at i kommunen si eiga saksutgreiing ville ein vurdere skuleutbygginga i eit større bilete.

Rapport og saksutgreiing vart sendt politikarane laurdag 6. juni. Saksutgreiinga hadde få utfyllande vurderingar, og viste i all hovudsak til konsulentrapport og innspel frå foreldra. To dagar seinare, mandag 8. juni vart saka drøfta i dei politiske gruppemøta. På desse dagane skulle ein med andre ord rekke å drøfte kva ambisjonsnivå ein skulle ha for skulen og kva arealmessige konsekvensar den ville få for områdesenteret. Fleire argumenterte då for at saka måtte utsetjast – fordi her var for mange usikre moment, særleg knytt til dagens tomt på Valestrand. Kostnadsbiletet var usikkert, og det var vanskeleg å sjå heile saksfeltet når ein berre hadde hatt nokre få dagar på seg til å forhalde seg til problemstillingane. I formannskapet to dagar etter dette, onsdag 10. juni, vart det gjort vedtak om å gå vidare med Valestrand skule, men med eit slags sideblikk til Elvikaneset. Forslag om å utsetje saka for å få gjort ei grundegare drøfting, fall.

For Osterøy Venstre vil gode prosessar og offentleg ordskifte vere sentralt når viktige vedtak skal gjerast. Uansett kva alternativ ein meiner er best, bør ein politikar jobba for at både dei sjølve og andre får tid til å sette seg inn i saka. Her meiner vi at ein godt kan velgje å gå vidare med nokre av alternativa, men før det endelege valet bør ein gje seg tid til å drøfte tre ting: a) Kva skule ønskjer me, b) får vi dette til på dei aktuelle tomtene , og c) kva vil dette kosta.

Dette rekk ein ikkje med så kort politisk handsaming.

Osterøy Venstre meiner det er viktig at at dagens tomt for Valestrand skule er med i vidare prosess. Men skulen har ein del utfordringar når det gjeld trafikk, universell tilkomst og parkering, særleg med ei dobling av elevtalet. Dersom ein utgreier to alternativ har ein større tryggleik for at desse problemstillingane vert tekne meir på alvor, og at ein prøver å få til optimale løysingar. Dersom ein går vidare med berre dagens tomt, står ein i fare for å velgje halvgode løysingar. At ein skal ha eit “sideblikk” til ein ny skule ved Elvikaneset er ikkje eit reelt samanlikningsgrunnlag. Vi treng to alternativ som kan setjast opp mot kvarandre – fordi vi då får spissa problemstillingane; fordi vi då veit meir om kva vi får og kva vi vel bort.

Osterøy Venstre vil setje borna først. Uansett kva alternativ heradsstyret til slutt vel å gå vidare med den 17. juni, meiner vi at minst to skuletomter må utgreiast, som viktig samanlikningsgrunnlag og som reelle alternativ. Dette trur vi bidreg til at drøftingane vert gode, at løysingane ved kvart alternativ vert optimalisert, og at ungane våre får den skulen dei fortener.

Kjersti I. Vevatne

1. kandidat, Osterøy Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**