– Positive til fengsel i Kvinnherad

I Grenda idag kan ein lese om Norda Partners AS som er på jakt etter eigna areal eller bygningar for å opprette fengsel i Kvinnherad. Dette er eit godt initiativ, og Kvinnherad kommune bør gå i dialog for å finne ei løysing.

Kvinnherad har ei lang erfaring og kompetanse innan rus og psykiatri gjennom Valen Sjukehus. Det er ei erfaring og ein kompetanse som vil vere god og ha med om det vert oppretta fengsel i kommunen. Rus og kriminalitet er ofte ei samansett utfordring, og om ein får til eit samarbeid med t.d. HelseFonna trur eg at Kvinnherad kan huse ei god teneste. Slik kan ein få rehabilitert fleire tilbake til samfunnet, og byggje dei opp til å bli ressurspersonar.
Dette vil òg skape arbeidsplassar i kommunen, noko som er ein kjærkomen ringverknad.

Eg og Kvinnherad Venstre er for fengsel i Kvinnherad!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**