Til innhold

Kent Are Kjørsvik Petterson

Kvinnherad skal opp og fram! Og eg skal gjere mitt for at det skjer!

Kent Are er gift, tobarnsfar, fødd i 1983 og ordførarkandidat og kommunestyrerepresentant for Kvinnherad Venstre. Han arbeider som miljøarbeidar og ressurskontakt for Kvinnherad kommune.

Han ser på seg sjølv som ein idealist og samfunnsengasjert person, og er oppteken av at flest mogleg skal ha eit godt og trygt liv. Det er ikkje så nøye for han sjølv å vere brukar av fritidstilboda han engasjerer seg i. Som han seier sjølv: “Om eg kan hjelpe til for at andre skal kunne ha det kjekt så har eg det kjekt eg og!”

Kent Are har styreverv i Fjellhaugen Skisenter, Venskapsgruppa Kvinnherad – San Lucas Toliman og er ein av eldsjelene bak OmStock-festivalen – i tillegg til å stille som frivilleg på dugnadar der det er behov.

For Kent Are er det å vere politisk engasjert ein del av den største dugnaden ein kan gjere i kommunen. – “Å få ta del i å forme kvardagen til dagens og kommande generasjonar er ei stor ære – og noko ein skal vere audmjuk til.”

Røyst Venstre og Kent Are inn i kommunestyret 09.september!