Framtidstru er viktigare enn bruktbilar

Jan Kløvstad
Foto: Jone Nyborg

I eit underleg lesarinnlegg er stortingsrepresentant Roy Steffensen, Framstegspartiet, meir uroleg for bruktbilprisen i år 2025 enn for miljøet.

Venstre ser fleire grunnar til at vi skal forsøke å fase ut både diesel- og bensinbilar og dei fleste av dei bilane som går på norske vegar i dag:

1. Kvar einaste nye bilmodell er sikrare enn den gamle, og det vil spare liv i trafikken, jfr fleire gode innspel frå Trygg Trafikk.

2. Kvar einaste nye bilmodell slepp ut mindre forureining enn den gamle, og det gjeld både diesel, bensin, naturgass, og særleg elbilar og snart truleg også hydrogenbilar.

Å satse på at det skal vere mange bilar produsert før år 2015 på norske vegar etter år 2025, er svært lite framtidsretta og tyder på svært lita tru på teknologiske framsteg. Å gi oss ti år til omstilling er både raust og framtidsretta.

Venstre har vore og er forkjempar for miljøteknologi. Vi foreslo og gjennomførte den første el-bilpolitikken i Norge (1997-1998). Vi foreslo og gjennomførte dagens elbilregime, mens Torild Skogsholm var samferdsleminister 2001-2005.

Venstre har alltid vore blant dei fremste forkjemparar både for innføring av vrakpant på bilar og for å auke vrakpanten for å gjere den norske bilparken tryggare og stadig meir miljøvennleg.

Satsinga på elbilar med avgiftslette, tilgang til kollektivfelt og rask utbygging av infrastruktur for lading, har vore ein suksess. For å nå klimamåla fram mot 2030, er det helt avgjerande at vi held fram med å byte ut den fossile bilparken med alternativ med mindre utslepp så raskt som mogleg.

Det er brei semje om at utsleppa frå transport må reduseras kraftig for å nå desse måla. Derfor har Venstre arbeidd for og fått gjennomslag for, at det er klimautslepp som skal ligge til grunn for bilavgiftene i åra som kjem. Det betyr at det blir dyrare å kjøre bensin- og dieselbilar, og at fordelane for biler som går på elektrisitet skal behaldas.

Dette er endringar også Steffensen og hans parti har stemt for i statsbudsjettet for 2015.

Steffensen misforstår òg når han hevdar at Venstres mål om at alle nye bilar som seljast i 2025, skal være nullutslepp, betyr at vi vil forby bensin- og dieselbiler.

Det er mogleg Frp trur forbod og påbod er det einaste som kan få folk til å ta grøne val. Det trur ikkje vi. Tvert imot trur vi at folk ønsker å leve så miljøvennleg som mogleg, og vi vil innføre positive incentiv som gjer det lettare for fleire å ta grøne val i kvardagen.

Venstres mål er at teknologi- og marknadsutviklinga skal halde fram i eit enda raskare tempo dei neste ti åra. Slik vil elbil bli eit attraktivt val for mange fleire, vonleg alle som skal kjøpa ny bil.

Når ein les Roy Steffensens innlegg får ein ei kjensle av at han ville protestert fælt på innføring av datamaskiner, fordi det kunne redusert bruktverdien av gamle skrivemaskiner. Det er ikkje ei berekraftig haldning.

Skal vi redde miljøet, er vi nøydd til å sjå framover.

Jan Kløvstad

Fylkestingskandidat for Venstre i Aust-Agder

Ola Elvestuen

Nestleiar i Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**