Til ungdom i desse valkamptider

Foto: Luster Venstre

“Om du ikkje brukar stemmeretten din kan du ikkje klaga etterpå heller”, var det eit klokt hovud som sa til meg fyrste gongen eg skulle røyste. Eg tok kommentaren med ei klype salt, ettersom eg visste at det å ikkje bruka røysteretten ikkje var synonymt med å mista klageretten. Men eg røysta då og har røysta sidan – og kritiserer samfunn og politikk med godt samvit.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Men frå litt spøk til alvor. Ungdomstida er spesiell. Det kan vera ei fin tid, men den kan og av ulike årsaker opplevast som kompleks og vanskeleg. Det ei tid der du skal finna din plass i verda. Blant anna blir det forventa meir av deg frå foreldre, lærarar og storsamfunnet rundt deg. Men du merkar sikkert at du og blir meir merksam på kva du forventar av andre. Det å leva saman med andre menneske gjenspeglar eit gjensidig sett av plikter, oppgåver og rettigheiter.

 

Eg var i byrjinga av 20-åra då eg melde meg inn i Luster Venstre. Hovudsakeleg fordi det var eit grønt parti som sette klima og naturvern som ei høg prioritering. Luster Venstre satsar framleis på grøn vekst, for å sikra økologisk balanse og biologisk mangfald. Ei anna topp-prioritering er å setja ungdomen fyrst. Natur og ungdom, det er trass alt dykk som representerer framtida. Difor vil Luster Venstre satsa på næringar basert på jordbruk og grøn vekst, førebyggande helsearbeid og dei unge. Me tykkjer og at det er viktig å sjå enkeltmennesket, og vil prøve å finna gode løysingar som tek omsyn til individuelle behov. Dette gjer me samstundes med at me legg vekt på å vidareføre desentraliserte og gode tenestetilbod for barnehage, skule, pleie og omsorg. I samarbeid med næringsliv, lag og organisasjonar, vil me gjera kommunen attraktiv både for å busetja seg og trivast i.

 

Me er svært heldige her i Luster kommune. Me er ein rik kommune i eit velståande demokratisk land. Frå me er myndige, har alle norske statsborgarar rett til å røysta ved stortingsval og kommune- og fylkestingval. Luster står i år i ei særstilling, der 16-åringane har høve til å påverka den politiske framtida i kommunen. Å få tillit til å røysta er eit stort privilegium. Sjølv om me skriv år 2015, finnast det framleis mange land der folk flest ikkje har rett til å påverka si eiga framtid. I mange tilfeller lever dei også under hardare vilkår enn oss. Stemmeretten er eit konkret symbol for vår fridom. Eg håpar ungdommen vil vera med å verdsetja denne fridomen, og ta eit grep om framtida vår her i Luster. Kva forventar du av dei folkevalde?

 

Bruk ungdomstida di godt og stem ! Me i Luster Venstre ynskjer alle eit godt val.

Med ei stemme på Venstre som legg vekt på miljø og enkeltmennneske, gjer du ei god investering for framtida vår.

 

Jeanette Aaland Brun, kandidat for Luster Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**