Takk til alle som viste oss tillit under valet!

Med valet bak oss, ønskjer vi i Hareid Venstre å takke alle veljarane som viste oss tillit – samt kome med ei lita oppdatering om kva forhandlingane med dei andre partia hittil har resultert i.

Vi fekk 9.2% av stemmane i Hareid, noko svakare enn i 2011. Dette gav oss to representantar i kommunestyret, mot tre i perioda 2011-2015.

Ordførarkandidaten vår, Annika Brandal, har fått plass i formannskapet.

Jenny Korsnes vart vår andre representant i kommunestyret.

Hareid Venstre har hittil fått tildelt ein plass i Levekårutvalet, og ein i Næring- og Miljøutvalet. Det er ikkje bestemt kven som vil fylle desse verva enno.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**