Har du innspel til #Program2017?

Illustrasjon: Venstre/studiostoks

Venstre meiner det er viktig med ein så brei prosess som mogleg rundt utforminga av vårt nye stortingsvalprogram for 2017 – 2021. Du er difor invitert til å dele dine meiningar med oss, enten du er medlem, tillitsvald, tilsett i ein organisasjon eller foreining, eller berre vil vere med på å påvirke norsk politikk. Det kan du gjere ved å sende oss dine meiningar, smått og stort, helst via nettskjema. Du kan også ta kontakt med oss lokalt.

Første frist for innspel er 1. mai.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**