Kommunereforma på Osterøy

Frå Osterøy mot Ytre Arna, Kjersti I. Vevatne

Innlegg i avisa Bygdanytt 04.05.2016

Prosessen med kommunereforma, både her hos oss lokalt, men og overordna, har ikkje vore som Osterøy Venstre ønskte det. På Osterøy kom ein for seint i gong med utgreiing, og kommunereforma har generelt vore lite diskutert blant politikarane. Når det gjeld det meir overordna i reformprosessen, så har Osterøy Venstre signalisert at me på generelt grunnlag er positive til kommunereforma. Dette skuldast blant anna målet med å desentralisera makt til ein sterkare Vestlandsregion, og at lokaldemokratia vert styrkt med fleire oppgåver og meir lokal styring enn det me har i dag. Det som er urovekkande er at reforma til no har vore vag på kva oppgåver som vil bli overførte, både til region og kommunar. Me har med andre ord ikkje tydelege signal på at regjeringa meiner alvor når det vert sagt at kommunereforma handlar om desentralisering og meir makt der folk bur. Dette er heilt klart eit dilemma i vårens prosess her på Osterøy – og til irritasjon for den politikaren som ønskjer å gjere val basert på kunnskap.

På Osterøy har me to alternativ å ta stilling til, og dei er motpolar til kvarandre. Det eine er å halda fram som “Nye Osterøy kommune” med dagens grenser. Det andre alternativet er å bli del av ein kommune med Arna og Vaksdal – og der Bergen by er med på lasset. Osterøy manglar det som mange andre Hordalandskommunar har; eit alternativ med ein naturleg likestilt “partnar”, både når det gjeld styreform, innbyggjarstorleik og kultur. Osterøy kommune trakk seg i 2014 ut av arbeidet med ein større Nordhordlandskommune (eit vedtak gjort utan vidare utgreiing, og utan innbyggarinvolvering).

Mange er svært kritiske til at Osterøy skal bli del av Bergen kommune. Eg deler synet om at Bergensalternativet er problematisk for Osterøy. Me møter her ein annan politisk kultur, og med vårt låge innbyggartal kan me ikkje forventa mange ostringar i bystyret – om nokon. Sjølv om kommunereforma som sluttresultat gjev meir sjølvstyre (meir oppgåver) til kommunen me vert del av, så vil denne positive effekten bli nulla ut av at me har mista nærdemokratiet vårt på Osterøy. Dette er svært vanskeleg å svelgje. Ei bydelsordning i Bergen kan vere ei mellomløysing, men her er det avgjerande kva oppgåver og makt bydelsstyra skal få.

Er då å halde fram med dagens grenser det beste valet? Dette vert eit alternativ der me beheld vårt nære lokaldemokrati, men kommunen vil vere for liten til å ha eigne tilsette innafor ein del sektorar og fagområde, kanskje særleg når det gjeld dei nye oppgåvene og ansvarsområda som vil komma. Løysinga vert meir interkommunale tenester der me kjøper frå andre – truleg Bergen og det nye Nordhordland. Slike tenestene held god kvalitet og gjev tryggleik for innbyggarane, men skapar større distanse mellom dei folkevalte og tenestene som vert leverte. Det fører til at me som lokalsamfunn i mindre grad kan påverke tenestene og kva dei kostar. Dette gjev etter mitt syn ei utholing av lokaldemokratiet ved at det får mindre styringsevne.

Eit anna alvorleg framtidsbilete for Nye Osterøy er dei økonomiske utsiktene. Frå sentralt hald er det signalisert økonomiske konsekvensar om ein vel å ikkje endre kommunegrensene. Det stemmer at dette ikkje er vedteke. Det stemmer at mange parti vil jobbe for at den økonomiske straffa ikkje vert så alvorleg som skissert til no. Venstre sentralt har allereie gjort ein god innsats her. Likevel tyder alt på at det for vår øy vil bli raude tal ved uendra kommunegrenser. Kor alvorlege dei vil vere vil me vite meir om i vekene som kjem. Dårlegare økonomiske vilkår kombinert med auka krav til kompetanse, komplekse tenester og folkeauke som krev utbygging av barnehage og skular, er ein kombinasjon som gjev ein særs utfordrande situasjon her hos oss. Etter mange år på ROBEK – og med heilt naudsynte kutt i kommunen – så er det nedslåande å gå inn i ei framtid der ein bekymrar seg for nye nedskjeringar. Å velje å ikkje endre kommunegrensene er ikkje det same som å “halde fram som i dag”. Nye Osterøy vil vere noko anna.

Det tredje alternativet som ikkje finst i denne saka, ligg ein stad mellom motpolane Nye Osterøy og Bergen. Det kunne ha handla om Arna og Vaksdal. Dessverre stemmer det nok at ein slik ny kommune berre finst i teorien og aldri ville sett dagens lys. Og dette fortel om Osterøy sitt dilemma som øykommune der det einaste sambandet er med Noreg sin nest største by. Kommunereforma er bra for Vestlandet og for svært mange av Hordalandskommunane, men i mindre grad for Osterøy. Vårt eine val er å bli slukt av Bergen – som ikkje vil merke at dei aukar med 8000 innbyggarar og at eit lokaldemokrati forsvinn. Det andre valet er å ikkje endre kommunegrensene, men med dette gå inn i ei framtid med trongt økonomisk handlingsrom og meir sandpåstrøing enn det politikarane allereie driv med i dag. Eg er derfor open og ærleg på at denne heradsstyrerepresentanten ikkje har tatt noko val før utgreiinga er ferdig og før eg har høyrt kva innbyggarane seier.

Våren vert travel. Eg oppmodar innbyggarane om å møte opp på folkemøta og seie meininga si. Eg trur det som vert sagt her vil bli viktig for politikarane.

Kjersti I. Vevatne

Heradsstyrerepresentant for Osterøy Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**