Vi må satse på Skogstunet!

Foto: Anne Jo Lexander, Askøyværingen

Skogstunet betyr 100 millionar ekstra krone for 450 fleire skuleplassar, mener Venstre og de andre opposisjonspartiene Høyre, Frp og Krf.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

Askøy kommune er som kjent ein kommune i sterk vekst og veksten skaper utfordringar for skulesituasjonen, hovudsakleg sør på øya. Korleis kan vi sikre nok skulekapasitet for framtida og samtidig ikkje auke belåningsgraden til kommunen meir enn nødvendig?

I vårsesongens siste møte i Utvalg for oppvekst vart det lagt fram sak om skulebruksplanen. Grunn til dette er at prognosane for elevtalsutvikling nyleg har vorte oppdatert, og dette har igjen hatt innflytelse på prioriteringane som vert lagt for skuleutbygging i kommunen. Høgre, Frp, Krf og Venstre ser ingen grunn til å tvile på prognosane som er utarbeida, men vi er kritiske til delar av rådmannens prioriteringsplan for skuleutbygging. Vi meiner enkelte av prioriteringane er for kortsiktige og lite økonomisk gjennomtenkte.

Mange av dei som vel å flytte til Askøy jobbar i Bergen, men ønsker seg meir bustad for pengane utan å få for lang reiseveg til jobb. Dette er og mykje av grunnen til at tilflyttinga er størst sør på Askøy. Auka tilflytning krev fleire bustader og auka kapasitet i både barnehage og skule. Ny Kleppestø barneskule er under bygging, men allereie i 2030 vil skulen på nytt være full. Då vil det heller ikkjevære mogleg å utvide meir i det området skulen er lokalisert i dag.

Som tredjeprioritet i rådmannens forslag til utbyggingsplan er det planlagt utviding av Kleppe skule frå B450 til B600-skule med tilhøyrande spesialeining. Her er vi ueinig i prioriteringa. Seinast i budsjettet som var lagt fram før jul i fjor kunne vi lese at ei slik investering på Kleppe skule er estimert til nærare 250 millioner kroner. Og det for 150 skuleplassar ekstra. Til samanlikning låg Skogstunet inne som ein B600 skule til sum av 350 millionar. Det vil sei 100 millionar ekstra for 450 fleire skuleplassar!

Høgre, Frp, Krf og Venstre meiner det er på tide å satse på bygging av ein ny Skogstunet Skule framfor utviding av Kleppe skule. Dette fordi det vil gje mange fleire skuleplassar i sør til ein mykje lågare pris per skuleplass enn for Kleppe. Vi meiner og det vil være viktig å utvide planane for Skogstunet frå ein B600 skule til ein kombinasjon B600+U450 skule.

Det er som kjent i sør tilflytninga og utbygginga av bustader er størst. I følge prognosane, som forøvrig er lågare enn dei frå 2012, vil Kleppestø Barneskule nå makskapasitet raskt. Strusshamn skule er allereie full og har også begrensingar i vidare utviding. I Follese ligg det også store utbyggingsplanar som gjer at noværande skule vert for liten og ny må byggjast. Om ein ikkje gjer rette prioriteringar no kan vi risikere å få fullstendig stopp i bustadbygginga i sør på grunn av nettopp skulekapasiteten. Ein ny Skogstunet skule vil kunne ta veksten frå både Lønvarden, Stongafjellet og andre områder i sør som Strusshamn og Follese.

På eit eller anna tidspunkt vert ein nødt til å sjå på kretsgrensene for skulane i sør på grunn av begrensningane på Kleppestø og Strusshamn. Å planlegge for dyr utbygging av Kleppe skule, ny skule i Follese og samtidig likevel måtte bygge Skogstunet skule er ikkje økonomisk forsvarleg slik vi ser det. Difor foreslår vi å satse på ei større utbygging av Skogstunet og såleis klare seg med ei enkel utbygging.

(dette innlegget sto på trykk i Askøyværingen, 26. august 2016, du kan lese det her.)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**