Venstre og Miljøpartiet: Aust-Agder-kulturen må få betre vekstvilkår!

Sara Sægrov Ruud, Aust-Agder fylkeskommune
Sara Sægrov Ruud

Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne vil satse mykje sterkare på kulturen i Aust-Agder enn fylkesrådmannen gjer i budsjettforslaget sitt. Vi vil satse meir på kulturarbeidsplassar og kulturopplevelsar heile året, ikkje konsentere oss så sterkt ”berre” om festivalar midt på sommaren som fylkeskulturbudsjettet har gjort i mange år. Vi vil ha satsinga på frivillige organisasjonar og profesjonelt kulturliv opp på same nivå som gjennomsnittet av norske fylke. I dag er det stort sett berre der vi har forpliktande avtalar med Vest-Agder fylkeskommune at det heilårs kulturlivet i Aust-Agder er på same nivå som i resten av lanet.

Den nye planen Skape, dele, oppleve. Strategisk plan for kunst og kulturformidling i Aust-Agder 2016-2019 blei vedtatt i fylkestinget i oktober 2015. Planen er ei klar forbetring, og faktisk også eit brot med den dominerande festival/enkeltprosjekt-tenkinga i forrige plan. Den nye planen varslar om satsing på å skape kultur, støtte opp om kulturarbeidsplassar i fylket og i mykje større grad heilårsarbeid. I budsjettet for 2016 kom det likevel berre tilleggsvedtak nettopp om festival/enkelttiltak-tenkinga som den samrøystes vedtatte planen ville bort frå.

 

Desse bør få meir

Vi foreslår meir pengar til samlepost til kulturformål, Sørnorsk filmsenter, Bomuldsfabriken Kunsthall, Sørnorsk jazzsenter, Sørnorsk kompetansenettverk for rytmisk musikk, Bokbyen ved Skagerrak, Aust-Agder musikkråd, Norges Musikkorps Forbund Sør, Agder Kunstnersenter Sørlandsutstillingen, kulturstipend, kulturprisen, bygningsvernprisen, Agder historielag, Arendal kulturhus, Nordisk informasjonskontor, DS Bjoren, og tilskot til kunst- og kulturproduksjon.

Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne vil også styrke ordningane med støtte til kulturlokale, både i statsbudsjettet, på fylkesplan og ved fordeling av spelemidlar. Vi ber om å få ei ny sak om korleis fylkeskommunen kan bidra til å auke tilskot til fleire typar kulturlokale, frå musikkbingar til kulturhus.

Så konkrete er forslaga våre

Heilt konkret vil våre forslag auke tilskota til søknadsordninga alle kan søke på 1. november med 400 00 kr i året, Sørnorsk filmsenter får auke frå 316 000 til 460 000, Bomuldsfabriken Kunsthall får 164 000 meir og samla sum 700 000, Sørnorsk Jazzsenter går opp frå 115 000 til 160 000, Bokbyen ved Skagerrak frå 158 000 til 200 000, Aust-Agder Musikkråd opp frå 521 000 til 600 000, Musikkkorpsforbundet i sør med 28 000 til 140 000, Agder Kunstnersenter og Sørlandsutstillingen ned to små oppjusteringar med 24 000 og 17 000 kr, Agder Historielag opp frå 66 00 kr til 100 000 som første steg. Agder Historielag får kr 300 000 frå Vest-Agder, og det bør bli ei likebehandling.Arendal kulturhus bør etter vår meining få auka støtta frå 575 000 til ein million for å kunne gi betre vilkår for lokalt og regionalt kulturliv. Vi foreslår å justere tilskotet til Nordisk informasjonskontor Sør-Norge med 28 000 opp til 300 000, og aukar støtta til dampskipet Bjoren på Byglandsfjord frå 100 000 til 140 000.

 

Som følge av nye tilskotsordningar frå fleire statlege organ, som krev lokal og regional støtte for å kunne få større statlege pengar, har fylkesrådmannen foreslått 100 000 kr ekstra. Når Miljøpartiet og Venstre har sett på særleg dei nye ordningane frå Det Norske Filminstitutt, ser vi grunn til å ha meir pengar i denne nye budsjettposten. I staden for fylkesrådmannens forslag på100 000 kr, foreslår vi 200 000 i 2017 og aukar på med nye 100 000 kr kvart år framover.

 

Fylkestinget har ein fin tradisjon med utdeling av kulturstipend, kulturpris og bygningsvernpris. Også desse prisane og stipenda vil bli større med budsjettforslaget vårt.

 

I fylkesutvalet 29. november var det ikkje støtte frå noen av dei andre partia til forslaga våre, men vi håpar vi kan samle fleirtal fram til fylkestinget vedtar budsjettet 13. desember.

 

Kai Olav Fredriksen, Miljøpartiet Dei Grøne, Sara Sægrov Ruud og Jan Kløvstad, Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**