Barneskuletomt for Valestrand-Hauge

Foto: StockSnap.io

Onsdag 7. juni 17 skal Formannskapet innstille på val av skuletomt for Valestrand-Haugeregionen. Saka kjem til endeleg avgjer i Heradsstyret i midten av juni.

Dette er ei sak som har ei lang forhistorie, og starta i 2013 med utgreiing av kva skulestruktur Osterøy kommune skal ha for barneskulane. Sidan den tid er det for Valestrand-Hauge gjort tomtesøk (Norconsult) og grundigare tilstandsvurdering og moglegheitsstudie av to tomter (Asplan Viak).

Venstre har vore tydelege på at områdesenteret treng ein framtidsretta skule der ein legg størst vekt på kva som er best for ungane. For oss vert det då viktig med kvalitet i bygg, trygg trafikkløysing og gode uteområde. Og sjølvsagt må det vere eit val som ikkje er eit luftslott; det må vere økonomisk realiserbart.

Hovudfunna i saka så langt er bl.a:

  • Omfattande vedlikehaldsbehov på dagens skule. Ca 9 millionar (eks mva) til ordinært vedlikehald, og 42 (eks mva) for å heve skulen til dagens standard
  • Gymbygget er tilrådd reve
  • Ny skule i Elvikaskogen kjem betre ut på så godt som samtlige tema, enn det dagens tomt gjer. Dette er særleg merkbart på uteområde, men óg trafikktilhøve og kor funksjonelt skuleanlegget er.
  • Dagens tomt har for lite uteopphaldsareal. Kan heller ikkje bli større.
  • Ved Elvikaskogen er det plass til idrettshall om ein ønskjer det. Dette er det ikkje plass til ved dagens tomt.
  • Ny skule kostar om lag det same, enten den ligg i Elvikaskogen eller ved dagens skule (ca. 200 millionar, dagens tomt er litt dyrare).
  • Kostnadsvurdering for ny skule på dagens tomt er mest usikker. Dette skuldast at ein må forvente overraskingar når ein riv gamle bygg, og særleg på eit bygg som er over 40 år og har omfattande vedlikehaldsbehov.

Rådmannen meiner at kommunen ikkje har god nok økonomi til å bygge ny skule no samtidig som ein skal bygge nye avdelingar i barnehagar. Ho rår til å prioritere barnehage først, deretter skule. Med bakrunn i dette har rådmannen invitert politikarane til å gjere eit endeleg val mellom tre alternativ, A som er ny skule på dagens tomt (nybygg enten i aust, i Rulledalen eller på bana), B som er ny skule i Elvikaskogen og C som er dagens tomt med mindre utbetingar (ordlyd korta ned her). Rådmannen seier at C er det dårlegaste alternativet. B er det mest framtidsretta, og den beste investeringa, men kan ikkje gjerast før om 10-15 år. A er dårlegare, men her er det mogleg å gå i gang med utbetringsarbeid av skulebygget når ein har gjennomført vurdering av kvar nybygget skal plasserast.

Osterøy Venstre finn særleg alternativ A problematisk. Dette er det dyraste alternativet som gjev minst kvalitet tilbake (samanlikna med B). Ved å velgje A vektlegg ein andre ting enn det beste for ungane, og vel med opne auge ei skuletomt som er for lita for elevtalet. Alternativet scorar dårligare enn B på så og seie samtlige punkt som er av relevans når det gjeld nye skulebygg.

Alternativ C er problematisk ved at ein her skyv valet framover i tid. Dette er frustrerande for både elevar og foreldre, og vanskeleg for kommunen å handtere, særleg når det gjeld prioriteringar av vedlikehaldsmidlar. Skal ein uavklart skule bli prioritert når det gjeld vedlikehald? Dette vil gje ein vanskeleg situasjon i mellomfasen fram til eit val vert tatt.

Osterøy Venstre, saman med KrF, MdG, Sp og H gjer følgjande framlegg i saka, der tillegg samanlikna med Rådmannen sitt forslag er farga:

B: Ny skulestad for Valestrandsregionen vert Elvikaskogen

1. Realisering av skule vil truleg ta 10-15 år på grunn av kommunen sin økonomiske situasjon og andre meir presserande utbyggingsbehov
2. Start for vidare arbeid med regulering og prosjektering skal inn i økonomiplanarbeidet og arealdel i kommuneplanen og vert eit tillegg jf. planstrategien. Det skal setjast av midlar til arbeid med reguleringsplan
3. På dagens Valestrand skule skal det samla dei neste 5-8 åra gjennomførast utbetringar på dagens skulebygg, jf. vedlikehaldskostnader vedlegg 1-1 i Asplan Viak sin rapport, ca. kr. 5,1 mill eks mva. I tillegg skal det vurderast å gjere særleg prekære vedlikehaldstiltak på dagens gymbygg for å halde det i funksjon dei neste 10-15 åra. Trafikkløysing skal byggast som planlagt.

Dette har Osterøy Venstre signalisert før, og gjer det gjerne igjen: Me ønskjer ein skule med varierte uteområde som inviterer til leik, ballspel, aking, fysisk aktivitet, og ein skog med lavvo og bålplass. Ein skule med lys, luft og sol, som ein stor del av elevane kan gå og sykle til. Ein skule med ryddige trafikktilhøve og parkering til både tilsette, foreldre og bruk på kveldstid. Me ønskjer at det ved skulen kjem ein idrettshall og «storstove» til glede og nytte for Valestrand, Loftås og Hauge. Og sist, men ikkje minst, ønskjer me ein ny, energieffektiv, moderne skule der ungar og lærarar kan ha fokus på leik og læring – ikkje trafikk, knappe areal og lite luft. Dette vil vere eit løft for området (med ca 3000 innbyggarar), og det vil gje ein fantastisk skulekvardag og arbeidsdag for dei tilsette. Me ønskjer oss «Ole Bull barneskule», sjølv om namnet ikkje er det viktigaste.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**