Møre og Romsdal Venstre klar for landsmøte – og har med gratis tannhelse i kofferten!

Landsmøteklar delegasjon: Fv. NN, Håvard Urkedal, Jack Blindheim, Pål Farstad, Ragnhild Helseth, Kari Grindvik, Lena Landsverk Sande og Rita Rognskog. Ikkje tilstade på bildet: Britt Giske Andersen, Asgeir Bahre Hansen og Kristian Stråmyr, Møre og Romsdal Venstre

Komande helg er det duka for landsmøte i Venstre. Møre og Romsdal Venstre stiller med 10 delegatar.

Tannhelse i fokus

Ein uttale om finansiering tannhelse skal behandlast på landsmøtet. Møre og Romsdal Venstre er ein av forslagsstillarane til denne, der vi vil utvide og vidareutvikle den offentlege tannhelsetenesta slik at fleire får støtte til ordinær tannbehandling og til større inngrep.

-Den er foreslått vedtatt av Venstres redaksjonskomité og det er klart at her har vi forventningar om å få gjennomslag, seier Ragnhild Helseth, nyvald fylkesleiar i Møre og Romsdal Venstre.

Hovudtema på landsmøtet er prinsipprogrammet, sjølve ryggmargen til partiet. Kva skal våre sosialliberale verdiar vere i framtida. Kva skal Venstre vere i framtida? Her blir det rom for gode og viktige diskusjonar.

Ein stor lokal- og nasjonalpolitisk verkstad

Når delegatar frå heile landet møtast i Stjørdal i helga er det duka for ein diger politisk verkstad. Mellom anna er saka Lokalsamfunn for framtida, med uttalar om både distriktspolitikk og by- og stadutvikling på programmet.

Pål Farstad er vår mann i Venstres distriktsutval og her har vi fått inn mykje god praktisk politikk, på lag med framtida. Reiseliv, marint og landbruk; framtidsnæringar som vi skal satse på.

Landsmøtet skal også behandle nye vedtekter for partiet.

Delegasjonen gler seg stort til å representere Møre og Romsdal på Venstre sitt landsmøte i Stjørdal 8. til 10. mars.

For spørsmål eller meir info, ta kontakt med delegasjonsleiar Ragnhild Helseth.

Delegatar:

Ragnhild Helseth, leiar

Pål Farstad

Britt Giske Andersen

Lena Landsverk Sande

Charlotte Hauge

Håvard Urkedal

Rita Rognskog

Kari Grindvik

Asgeir Bahre Hansen

Jack Blindheim

  1. vara: Kristian Stråmyr
  2. vara: Frank Stenløs