Venstre vil utvide og forbetre Råbygdfjæra

Utsnitt frå kartet over Råbygdfjæra i utkastet til reguleringsplan, (Orkland Venstre)

Innlegg i Avisa Sør-Trøndelag 9. april:

Venstre vil utvide og forbetre Råbygdfjæra

Det er interessante tider for oss miljøvernarane i lokalpolitikken. I kommunestyret 27. mars fekk Venstre snudd eit 4-7 nederlag frå formannskapet til 32-3 fleirtal for ei negativ høyringsuttale frå kommunen om vindkraft på Svarthammaren. I same kommunestyremøte fekk vi også gjennomslag for å reservere areal for erstatning av Furumokjela eller utviding av Ferjemannskjela (i samband med reguleringsplanen for Laksøra). Komande onsdag skal Hovudutval Forvaltning drøfte innspel til reguleringsplanen for hamna (Grønøra vest). Takk vere at Venstre fekk gjennomslag for at Trondheim Havn skulle lage ein “heilskapleg miljøplan” for området før utbygging av hamna, handlar 2 av 3 drøftingspunkt om tiltak som kan utvide og forbetre Råbygdfjæra for fisk og fugl.

Det eine punktet handlar om kor mykje av elveforbygginga langs Skjenaldelva som skal fjernast for å gi betre vasstilførsel til dei inste delane av fjæra, med mål om restaurering av strandeng. Washington Mills (WM) har spelt inn at gang-/sykkelveg med bru frå Glimt-banen til Grønøra vest bør krysse Skjenaldelva lenger ut enn det som er føreslått i reguleringsplanen, pga. risiko for eksplosjonar hos dei. Om risikoen er så stor at det har betydning for gang-/sykkelveg-traseen, føreslår vi at den blir bygd på pålar eller over store røyr lenger utover, slik at det likevel blir god gjennomstrøyming under gang-/sykkelvegen inn til fjæra.

Eit anna drøftingspunkt handlar om eit område (merka lysgrønt med GN1 på vedlagte utsnitt frå utkastet til reguleringsplan) skal tilbakeførast til “naturområde” som føreslått i miljøplanen, eller om vi skal la det vere reservert til næringsareal som i kommunedelplan næring. Dette området er isolert frå Skjenaldelva og Råbygdfjæra med elveforbygging, delvis på grunn av WM sine utslepp av prosessvatn til området. Opning av elveforbygginga også mot dette området, og samanføying av området med Råbygdfjæra, vil gi ei betydeleg utviding av strandengområda, og er eit restaureringstiltak vi lett kan gjennomføre. Derfor må vi ta det tilbake som naturområde. Ber vi Trondheim Havn lage miljøplan, bør vi vere villige til å følgje opp med dei restane av deltaet som enda ikkje er nedbygd. Forhåpentlegvis kan området også det bli del av det kommande naturreservatet i Råbygdfjæra. Om utsleppa av prosessvatn frå WM er ei utfordring, bør det vere mogleg å leggje dei i skjulte røyr gjennom området til dei møter større vassvolum.

I miljøplanen er det også forslag om å restaurere gamle grunner utover i fjæra ved å fylle på masser på eit 70 daa stort område. I saksframlegget står det at dette “er forbundet med så mye usikkerhet at fagmyndighetene fraråder å gå videre med det”. Dette treng vi meir informasjon om før vi kan skrinlegge det.

Torstein Grønningen og Lavrans Skuterud, kommunestyrerepresentantar og listekandidatar for Venstre i Orkdal/Orkland