Kronikk: Sjå kvalifikasjonane, ikkje namnet

Venstres jobber for flere arbeidsplasser
Stadig høyrer eg historier om personar som søkjer hundrevis av jobbar dei er kvalifiserte for, utan å få napp. Nokre av dei prøver å byte namn til noko «norskare», og får plutseleg svar, skriv Terje Breivik (V). Foto: Elias Dahlen

Hugs å skru av fargesynet når du tek imot neste jobbsøknad.

Då Venstre gjekk inn i regjering for eitt år sidan, føreslo vi å gjennomføre forsøk med anonyme jobbsøknadar i staten. Vi ville kome diskrimineringa i arbeidslivet til livs. No skjer det.

Folk med ikkje-norskklingande namn har 25 prosent mindre sjanse for å verte innkalla til jobbintervju, slo Institutt for samfunnsforsking fast i 2012. Stadig høyrer eg historier om personar som søkjer hundrevis av jobbar dei er kvalifiserte for, utan å få napp. Nokre av dei prøver å byte namn til noko «norskare», og får plutseleg svar.

Les mer: Et inkluderende arbeidsliv

Det er ikkje greitt å sortere jobbsøknadar etter kor norske namna er. Eg trur dei fleste av oss er samde i det. Samstundes veit vi at det skjer. Det er vanskeleg å bevise, og ofte er nok ikkje arbeidsgjevarane bevisste på at dei gjer det, heller. Difor er det på tide å få oppdaterte tal.

Forsøket med anonyme søknadar skal vare ut 2020, og kvart departement skal velje ut éin etat som skal vere med. Dei vil få jobbsøkjarane sine namn digitalt sladda i forsøksperioden, fram til eit eventuelt intervju. Då kan vi sjå om fleire med utanlandsklydande namn får jobb enn tidlegare, eller ikkje.

Er svaret ja, er det flott for dei menneska det gjeld. I så fall har vi senka terskelen og gitt dei meir rettferdige spelereglar. Men det vil òg bety at vi har ein lang veg å gå når det kjem til haldningar blant arbeidsgjevarane. For det vil stadfesta bekymringa om at det faktisk føregår diskriminering i tilsetjingsprosessar.

Venstre-tema: Arbeids- og velferdsamfunnet

Det er på tide at vi får eit slikt forsøk på plass, og det er berre rett og rimeleg at det er staten som går først. Vi skal ha høge ambisjonar for inkludering og mangfald på offentlege arbeidsplassar. Staten skal jobba for oss alle saman. Då må han òg spegle oss. I Norge kan vi ikkje halde oss med eit arbeidsliv som systematisk vel bort menneske med namn frå andre land. Forsøket med anonyme søknadar er ein del av dette. Vi gjer folk ein betre sjanse til å koma inn på arbeidsmarknaden. Ein jobb er meining, fellesskap og føreseielege liv for den enkelte. For samfunnet er det avgjerande at det er rom for alle som kan og vil jobba. Det er det som sikrar statsbudsjettet. Velferda. Livskvaliteten vår.

Oppmoding mi går ikkje til dei som er på leit etter ein veg inn i arbeid, men til dei som opnar dører: Kjære arbeidsgjevar, gjer som staten. Hugs å skru av fargesynet når du tek imot neste jobbsøknad. Sjå på kvalifikasjonane, ikkje namnet. Slik vil det fellesskapet vi alle er avhengige av verte endå betre og sterkare.

Denne kronikken er óg publisert på BT.no (16. april, 2019)