Framstegspartiet og eigedomsskatten

Lesarinnlegg i Bygdanytt 20. august 2019

Dei ulike partia har nå komme med sine valprogram. Framstegspartiet på Osterøy er raskt ute med at “FrP er det EINASTE partiet som stemte imot auke i eigedomsskatten”. Dette er rett og slett ikkje sant. La oss sjå på valperioden:

Utgangspunktet er 2015, då det nye heradsstyret vart valgt inn. Den gongen var eigedomsskatten 5 promille.

Då budsjettet for 2016 skulle leggast, gjekk AP og FrP saman og foreslo ein reduksjon med 0,1 promille (altså nokså symbolske 0,01 %). Samtidig stemte dei for ei såkalla “kontorjustering” i påvente av retaksering av eigedommane. Kontorjusteringa auka taksten på bustadene med 10%. Resultatet av FrP og AP sitt budsjett var at folk betalte meir eigedomsskatt i 2016 enn året før.

Då budsjett for 2017 skulle leggast, fann dei to partia saman igjen. Alle var klar over at den pågåande retakseringa av eigedommar ville få store konsekvensar for eigedomsskatten. Dei to partia vedtok ein promille på 3,15, og som følge av retakseringa betalte ostringane meir i eigedomsskatt i 2017 enn året før. Det er interessant at Høgre dette året fremma forslag om reell reduksjon i eigedomsskatten, og at Frp stemde imot dette. Høgre ville kutte kraftig i tenestene for å finansiera reduksjonen, så kraftig at alle andre parti sa nei. Ja, du las rett: også FrP.

Då budsjett for 2018 skulle leggast, var det ingen parti som foreslo endring i promillen. Nok ein gong var det FrP og AP sitt budsjettforslag som vart vedteke, og eigedomsskattepromillen vart ståande uendra. Ostringane betalte då like mykje i eigedomsskatt i 2018 som i 2017.

Det var tre år på rad der Frp styrte kommunebudsjettet saman med AP. Alle tre åra blei eigedomsskatten enten auka, aller sto uendra, sjølv når det blei fremma forslag om reduksjon.

Det er berre i 2019-budsjettet at FrP har komme med forslag som reelt sett ville føre til reduksjon i eigedomsskatten samanlikna med året før – men dei klarte ikkje å komme med forslag til inndekning. Dette skulle berre Rådmannen finna ut av på eit eller anna vis. Dette var eit heilt uansvarleg forslag, og heilt som forventa – eit år før kommunevalet. Det beste valflesket som finst.

Me kan gjerne diskutera eigedomsskatten – ein skatt som Venstre heller ikkje vil ha, fordi han er urettvis, usosial og svært tyngande for mange ostringar. Men då ønskjer eg at ein ikkje driv med historieforteljing, og at ein heller er ærleg om dei vedtaka ein har vore med på. ALLE parti på Osterøy har på eit eller anna tidspunkt – og gjentatte gonger i løpet av denne valperioden – stemt for ein auke i eigedomsskatten – og dette inkluderer i høgste grad FrP. Dette er eit ansvar dei ikkje kan springe vekk frå.

Kjersti I. Vevatne

Ordførarkandidat, Osterøy Venstre