Venstre vil ha gode barnehagar og SFO med rimelegare betaling


Kandidatar for Luster Venstre
Kjetil Melheim, Sandhya Karlsen Holene
(innlegget sto først på trykk i Sogn Avis 17. august)

Venstre har alltid hatt at skule og oppvekstvilkår som viktigaste satsingsområde. Å stå opp for born som av ulike grunnar fell utanfor er ei svært viktig sak for oss i Venstre.

Barnehage og skulefritidsordning (SFO) er ei viktig kommunal teneste for borna si oppvekst og grunnlag for eit godt skuleløp. Foreldre med born og ungdom har normalt den vanskelegast økonomiske perioden i sitt liv, og av økonomiske grunnar vel vekk dette tilbodet. Luster Venstre har for neste valperiode programfesta å satse på dei unge for framtida og ha redusert foreldrebetaling for alle, i tillegg til gratis kjernetid for ungar til foreldre med låg inntekt.

I Luster er det mange som pendlar og difor ser Venstre at det også er viktig med fleksible løysingar til beste for foreldre og ungane.
I barnehagen kan ein tidleg setje inn tiltak («tidleg innsats») slik at borna kan få betre og meir likt grunnlag for start i skulen. SFO-tilbodet er også ein viktig del av tidleg innsats og legge gode rammer for skulekvardagen.
Det manglar ein nasjonal rammeplan som set minimumskrav for SFO med omsyn til både kvalitet og innhald. Venstre har i regjering fått gjennomslag for at det også skal vera ein nasjonal rammeplan for SFO, men dette legg ikkje hindring for lokale gode løysingar.
Vidare har Venstre fått gjennomslag for gratis kjernetid for 2-5 åringar i barnehage for låginntektsfamiliar og at det skal innførast ordningar med redusert foreldrebetaling og gratis opphald på SFO for familiar med låg inntekt.
I Luster har betalingssatsar for barnehage vore på nivå med maksimalsatsar fastsett av staten og syskenmoderasjon. Betalingssatsane for SFO har vore på nivå med andre kommunar og opphavleg utan syskenmoderasjon. Etter framlegg frå Venstre så er det innført syskenmoderasjon for SFO-tilbodet i Luster. Luster Venstre vil ta saka eit steg vidare og har programfesta rimelegare betalingssatsar i barnehage og SFO for alle. Venstre meiner dette vil vera eit av fleire tiltak for å gjera det attraktivt å bu i Luster og i tråd med vårt mål om å vera på lag med framtida og satse på dei unge.