Kandidatpresentasjon: Bjørn Tore

Bjørn Tore står som nr. 2 på Osterøy Venstre si valliste.

Kven er du?

Bjørn Tore Sund, busett i Fotlandsvåg på 15. året og dagpendlar til jobb som IT-ingeniør ved UiB. Nestleiar i Hordaland Venstre, leiar for Osterøy Venstre og har tillitsverv på nasjonalt nivå i fagforeininga NITO.

Kva er du oppteken av?

Eg er oppteken av spelereglar, både skrivne og uskrivne. Å prate MED kvarande, ikkje om kvarandre, og at me skal seie klart frå når noko er feil. Og så er eg oppteken av den dårlege kommuneøkonomien og av dei vala me må ta for å få gode kommunale tenester på Osterøy i framtida.

Kvifor står du på Venstre si liste?

Eg vil arbeide for at politikarar og tilsette arbeider saman for innbyggjarane sitt beste. Eg har lang røynsle i å vere klar og høglydt når noko ikkje er som det burde vere. Det skal eg klare å vere som folkevald på Osterøy også!

Her finn du resten av Osterøy Venstre si liste.

Her finn du Osterøy Venstre sitt valprogram.

Godt val!