Det lokalpolitiske året 2020 på Osterøy

Det lokalpolitiske året 2020 har vore dominert av to saker: korona og kommuneøkonomi.

Vinterbilde, Vestland
Kringastemma, Osterøy, Vestland fylke

Korona

Då korona slo inn over landet, kom alle kommunar inn i ein ny situasjon og eit ukjent landskap. Kriseleiinga og dei tilsette har gjort ein formidabel innsats. Formannskapet har hatt fleire ekstraordinære digitale møter der politikarane er blitt orienterte om smittesituasjonen i kommunen. Smitteverntiltaka har ført til at svært mange av dei politiske møta har vore digitale. Dette har gått betre enn det ein kanskje kunne forvente, men noko har ein mist ved at ein har gått glipp av dei meir uformelle kontaktpunkta på tvers av partilinjer.

Kommuneøkonomi

I februar melde Rådmannen at det viste seg vanskeleg å få budsjettet vi vedtok i 2019 godkjent hos Fylkesmannen. I mars sende ordførar epost til alle i heradsstyret om at det no var bekrefta i møte med Fylkesmannen at Osterøy er på ROBEK. Det er 11 andre kommunar i Noreg som er på denne lista. Å vere på ROBEK betyr at økonomien vår er under statleg kontroll, og dei budsjetta vi vedtek må godkjennast av Fylkesmannen. Rådmannen formidla til politikarane at Fylkesmannen meiner det er mogleg for kommunen å drive tenestene meir effektivt og moderne. Dette betyr at heradsstyret må vurdere strukturelle grep.

Før sommaren vart Telemarksforskning engasjert til å lage ei utgreiing med forslag til innsparingar i kommunen. Rapporten vart levert tidleg på hausten. Dei såg innsparingspotensial som først og fremst handlar om å kutte i kvaliten i tenestene og slå saman til større einingar. Dei rådde bl.a til:

  • organisasjonsgjennomgang med fokus på sentral leiing, stab og støttefunksjonar.
  • Reduksjon i årsverk grunnskulen. Hher driv vi dyrare enn rammene våre tilseier.
  • Dreie innsats i pleie og omsorgstenestene vekk frå institusjon og meir mot heimebaserte tenester. Også her driv me dyrare enn rammene våre tilseier.
  • Meir interkommunalt samarbeid, f.eks på plan og byggesak, landbruk, vatn- og renovasjon og eigedomsforvaltning.

Elles meinte Telemarksforskning at Osterøy kommune har ei drift som er ganske lik samanliknbare kommunar. Innan mange tenesteområde driv me billigare enn snittet – f.eks innan barnehage. Samla sett meinte dei at innsparingspotensialet i kommunen ligg ein stad mellom 13 og 16 millionar.

I september kom Fylkesmannen på besøk og orienterte om det å vere på ROBEK-lista. Fylkesmannen vil stille opp med råd og hjelp til politikarane, slik at ein kan ta grep for å få drifta i samsvar med inntektene. Tanken om ein Oster kommune kom opp i møtet, og Fylkesmannen sa at dette kan utgreiast om heradsstyret kjem med ei slik bestilling.

I løpet av hausten vart det klart at kuttbehovet for 2021 var 55 millionar. Summen verka uoverkommeleg, særleg sidan Telemarksforskning berre såg kuttpotensial på, i beste fall, 16. Budsjetthausten var krevande både for administrasjon og politikarar, all den tid ein også hadde ein pandemi som skulle handterast. Rådmannen la fram forslag til eit saldert budsjett der me i 2021 brukar opp alle sparepengane som kommunen har. I tillegg til å tømme sparegrisen, meinte ho at følgjande tiltak også var naudsynt for å komme i balanse:

  • Fotlandsvåg og Haus skule vert oppveksttun
  • Redusere stillingar i skulen
  • Reduksjon ved Familiens hus
  • Kutt hos NAV
  • Avvikling av lærlingeordninga
  • Redusert bemanning natt på Osterøytunet
  • Redusert reinhald i offentlege bygg
  • Mindre vedlikehald på bygningar og vegar
  • ….og mykje meir.

Ein del av kuttforslaga handla om å ikkje imøtekomme behov som vi veit vil komma. Nokre foreslåtte reduksjonar var innan område der me veit at me må oppbemanna igjen, fordi tenesta kjem til å bli lovpålagt.

I tida fram til vedtak av budsjett kom det tydelege og klare reaksjonar frå innbyggarane, særleg på forslaget om endring ved Haus og Fotlandsvåg skule, men også når det gjaldt lærlingane, reinhald og konkurranseutsetting. Dette var særs gode og nyttige innspel. Men dessverre er det slik at for nokre av kutta er det få som skriv epost eller lesarinnlegg – bl.a. situasjonen i NAV, der ein ikkje har ressursar nok til å gje den hjelpa folk treng for å komme på rett kjøl igjen. Kostnaden av kuttforslaga hos NAV (som også vart vedtekne til slutt) er ikkje berre menneskelege, men har utslag i auka utgifter for kommunen til sosialhjelp, barnevern og rusomsorg.

I budsjettmøtet støtta Venstre fleirtalsframlegget frå Formannskapet, der ein gjekk inn for rådmannen sitt framlegg, men med tre endringar:

  • Ein tok ut forslaget om å gjere Haus og Fotlandsvåg skule om til oppveksttun. Denne reverseringa skal finansierast med forventa ekstraløyving frå staten i samband med koronatiltak.
  • Ein tok ut forslaget om avvikling av lærlingeordninga, og dette må finansierast av sektorane sjølve.
  • Ein sette av ein million kroner til satsing på næringsutvikling kvart år i økonomiplanen. Dette skal i 2021 finansierast med forventa ekstraløyving frå staten i samband med koronatiltak.

Det tok litt tid for Venstre å lande ned på at vi skal forsvare å bruke 1 million kroner på næringsutvikling når vi samtidig kuttar i lovpålagde tenester til dei svakaste av innbyggarane våre. Men vi gjekk likevel for denne prioriteringa fordi det uansett er knytt stor usikkerheit til dette budsjettet, og fordi ein kommune er ikkje mykje verdt om ein ikkje greier å skape noko.

Det vart også vedteke å sette ned ei arbeidsgruppe som skal jobbare vidare med kommuneøkonomi.

Trass i eit samrøystes budsjett, så vart budsjettframlegget omtalt som eit «høgrisikobudsjett» av både Venstre og ein del andre parti. Rådmannen skriv óg at det er fare for at fleire av dei opplista tiltaka f.eks innan helse vil vise seg å vere vanskelege å gjennomføra. I løpet av dei første månadene av 2021 vil det vise seg om budsjettet for 2021 vert godkjent av Fylkesmannen. Fylkesmannen krev eit realistisk budsjett, og at det vert tatt varige grep som sikrar berekraft over tid.

Blålystomta

Ei av dei få sakene, anna enn økonomi og til dels korona, som fekk politisk fokus i 2020 var «blålystomta» – eit areal for samlokalisering av ambulanse og branntenesta. Helse Bergen (ambulansen) har i fleire år vore tydelege på at dei må ha betre lokale, og kjem til å flytte ut av kommunen om det ikkje fell ei avgjer snart. Leigeavtalen for brannstasjonen på Hauge går snart ut. Areal som opphavleg vart tenkt (ISTAK-tomta ved Hauge barnehage) vart ikkje godkjent av vegvesenet. Valet sto mellom 2-3 tomter på Hauge. Av desse stemte Venstre for Oddalsmyra fordi dette var ønska av ambulansen, er rimelegast for kommunen, ligg sentralt plassert, har rask tilkomst til hovudvegnettet, og er regulert til formålet. Etter ein del rundar vart denne tomta også einstemmig vedtatt i heradsstyret.

Bruvikvegen

Vår representant Vevatne hadde i desembermøtet interpellasjon saman med Faugstad (FrP), Gislason (H) og Mjøs (H). Ein oppmoda her om at heradsstyret stilte seg bak eit brev til Vestland fylkeskommune der ein ba om at fylkeskommunen går i gang med eit forprosjekt med mål om å redusere risikoen for tap av liv og helse som følge av jord- og steinras langs vegen. Det trengs ein gjennomgang av den kunnskapen som er kjent for området i dag, og få vurdert kva alternativ som finst for å gjere vegen tryggare. Framlegget vart vedteke og brev vart sendt Vestland fylkeskommune.