Årsmøte Osterøy Venstre

Osterøy Venstre vonar alle medlemmer og andre har hatt ei god jul og ynskjer eit godt nytt år.

Vi kallar med dette inn til årsmøte i lokallaget torsdag 13. januar 2022 klokka 18:30. Møtet er opent for alle interesserte, men berre medlemmer har røysterett. Om du ikkje er medlem men vil kome, ta kontakt med styret på epost [email protected] for å få tilsendt lenke for deltaking.

Framlegg til saksliste:

  1. Konstituering av møtet:
    1. Val av møteleiar
    2. Val av referentar
    3. Val av teljekorps
    4. Val av personar som kan skrive under protokoll
  2. Godkjenning av innkalling og saksliste
  3. Godkjenning av årsmelding og rekneskap for 2021
  4. Fylkessaker:
    1. Fråsegner frå Osterøy Venstre
    2. Nominasjon av landsmøtedelegatar
    3. Andre saker
  5. Budsjett for Osterøy Venstre 2022
  6. Medlemskontingent Osterøy Venstre for 2023
  7. Val:
    1. Leiar
    2. Nestleiar
    3. Styremedlemmer
    4. Revisor
    5. Delegatar til fylkesårsmøtet
    6. Valnemnd for neste periode
  8. Ymse

Møtet vert digitalt på grunn av pandemien. Sakspapir vert sendt ut seinast ei veke før møtet, saman med lenke for deltaking. Sakspapir vert ikkje publisert her.

Venleg helsing

Styret, Osterøy Venstre