Vern myra!

Foto. iStock

 

Arealdelen av kommuneplanen for Ål ligg no ute til offentlig ettersyn med høyringsfrist 2.6.

Det er særskilt eitt område Ål Venstre vil ha merksemd om i dette innlegget. Fleirtalet i planutvalet går, mot rådmannens innstilling, inn for å tillate uttak av torv i myr. Det gjeld 3 områder på Torpoåsen på tilsaman 76 dekar. I eitt av tiltaka er det lagt opp til nydyrking av myr, noko som det allereie i 2020 vart eit generellt forbod mot. Desse områda vart behandla i planutvalet sitt møte i januar. Det kjem ikkje fram kva som er fleirtalet sitt grunnlag for å gå imot lokale og sentrale føringar, utan at det er vist til innspel frå aktuelle næringsverksemder. Innspela ligg forøvrig ikkje ved saka.

Våtmarker har mange viktige funksjonar, som å dempe verknaden av flaum og tørke, dei er levestad for mange plante- og dyreartar, er viktige hekke- og rasteplassar for trekkfuglar, og dei lagrar store mengder karbon.

I 2022 kom Miljødirektoratet med ei utgreiing av verkemidla for å hindre nedbygging av myr. Direktoratet peikar på at eit forbod med svært begrensa dispensasjonsmoglegheiter vil vere det beste vernet for myra. Å redusere klimagassutslepp frå nedbygging av karbonrike areal som myr og torvmark er viktige tiltak for å nå klimamåla. Norske myrer lagrer, på fem prosent av landarealet, minst 950 millioner tonn karbon, tilsvarande ca . 3500 millioner tonn CO2 eller Norges utslepp av klimagassar i 66 år (tal frå Klima og Miljødirektoratet). For Ål Venstre er det uforståelig at planutvalet i 2023 vel å legge til side kunnskapen vi no har om viktigheita av å la myra ligge i fred.

Å ta desse områda ut av planen har konsekvensar for lokal næringsverksemd. Det er krevjande å omstille seg til eit næringsliv på naturen sine premissar, men det må til. Rapportar frå FN`s klimapanel er tydelige om konsekvensar av bit for bit- nedbygging av naturen. Det er no når vi skal behandle arealplanen i kommunen vår at vi kan vise at vi meiner noko med lokal klima- og miljøpolitikk.

Det hadde vore interessant å få innsikt i kva argument fleirtalspartia Ål Arbeiderparti, Ål Senterparti og Ål Høgre meiner forsvarer desse tiltaka oppimot det kunnskapsgrunnlaget vi no har.

 

Ål venstre håper alle som er opptatt av å ta vare på natur, og å bidra til demping av verknaden av klimagassutsleppa lokalt, nyttar retten til å uttale seg!