Ikkje gløym Søvika!

Venstre vil ha grøn pakke for næringslivet
Venstre vil ha grøn pakke for næringslivet, Foto: Vard Søvika

Søvika har ein lei tendens til å bli oversett når ein planlegg framtida for Haram kommune. Aksen Brattvåg-Vatne/Tennfjord får ofte all merksemd, men vi må ikkje gløyme dei enorme moglegheitene som ligg i Søvika.

Fyrst og fremst må vi ikkje gløyme å halde fram med å arbeide for å realisere Hamnsundsambandet. Motbakken vart mykje brattare då vi gjekk ut av Ålesund kommune, men vi må ikkje gi opp kampen for å knyte Søvika nær Ålesund sentrum.

Når Hamnsundsambandet kjem på plass, vil Søvika bli ein bydel like nær sentrum som Spjelkavik og Valderøya, og dermed gje Ålesundarane moglegheiter til å flytte ut av byen men samtidig ha svært kort veg til jobb.

I tillegg vil næringslivet i Søvika bli ein endå meir attraktiv arbeidsplass og ikkje minst ha kort veg inn til samarbeidspartnarane i byen og ute i verda med superkort veg til Vigra.

Venstre ønsker å etablere ein Campus Søvika.
47% av arbeidsplassane i Haram kommune er i industrien. Haramsbedriftene ropar etter fagfolk, og fagmiljøa – som har vore Harams store styrke – er i ferd med å gå i oppløysing. Dette må vi gjere noko med.

Haram Venstre meiner medisinen er å opprette eit samarbeid mellom NTNU, Fagskolane, Haram kommune og aktørar i næringslivet lokalt, der vi byggjer opp ein campus i Søvika med eit felles laboratorium som kan nyttast av både næringslivet, studentar og skuleelevar. Her skal det skapast nye løysingar innan tema som robotikk, automasjon, elkraft, bygg- og helseteknologi.

Betra tilrettelegging for arbeidsinnvandrarar
Heile Haram er avhengig av arbeidsinnvandring, ikkje minst næringslivet i Søvika. Vår 2.kandidat, Pawel Olejnik, har etterlyst betre oppfølging av familiane til arbeidsinnvandrarane. Medan mennene ofte blir headhuntet og får tett oppfølging frå næringslivet, er det vanskelegare for ektefellane dei har med seg. Dei får lite hjelp frå NAV, dei må lære seg norsk på eiga hand, og det lokale arbeidsmarknaden er kjøleg når det gjeld ansetjing, sjølv om polakkar har godt rykte for å ha rett kompetanse og utdanning for mange jobbar.

Haram Venstre meiner Haram kommune må etablere ein strategi for å hjelpe ledsagarane meir, til dømes gjennomføre kurs og program. Kort sagt, leggje ting litt betre til rette for arbeidsinnvandrarane som Haram er avhengig av både no og i framtida.

Ja når vi kan, nei berre når vi må
Haram skal vere ein motor for nyskaping og vekst for heile Nordvestlandet. For å få til dette ønskjer Haram Venstre å skape eit godt næringsklima i kommunen, særleg for nye vekstbedrifter.

Eit dynamisk næringsliv treng både arbeidsgivarar og arbeidstakarar. Haram Venstre ynskjer å skape ein enklare kvardag for småbedriftseigarar i kommunen og leggje til rette for at fleire kan skape og utvikle nye bedrifter. Haram skal tiltrekke seg kompetanse og arbeidskraft.

Kommunen må i større grad enn i dag spele rolla som nettverksbyggjar og tilretteleggjar for kontakt mellom personar og institusjonar som ønskjer å skape noko for seg sjølve og andre.

Haram kommune er avhengig av næringslivet i kommunen. Haram Venstre vil skape ein kommune som samarbeider med næringslivet – ein kommune som seier ja når vi kan, og nei berre når vi må.

Tilbake til forsiden.