Spel om lokalisering på utrygg grunn

Det er ikkje politisk vingling som har forsinka nytt sjukehus, skriver Drammen Venstre medlem Rune Håndlykken i et avisinnlegg i Byavisa.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**


Det er ikkje politisk vingling som har forsinka nytt sjukehus. Det er heller ikkje statsrådar som har ført noen bak lyset. Utgreiingsarbeida så langt, med unntak av Gullaug og det sjukehusfaglege behovet, har vore enkle og er i stor grad forelda. Det Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) gjer no, er det einaste forsvarlege. Dersom Gullaug hadde blitt avklara i ei konseptvalutgreiing (KVU) med tre grundige alternativ, hadde nytt sjukehusbygg på ei anna tomt truleg vore under prosjektering no. For oss som ønskjer nytt sjukehus raskt og med liten risiko, er difor ein KVU med fleire gode alternativ i Drammen, den sikraste og raskaste løysinga for eit endeleg vedtak i 2013.

Tomt, grunnforhold, trafikk, miljø og klima, kostnader, drift/logistikk og geografisk plassering er nokre av kriteria som avgjer korleis ei investering på meir enn fem milliardar skattekroner kan gjennomførast best mulig. I 2002 blei Sundland evaluert av dåverande HF Buskerud. Fagfolka den gongen skriv sjølv at konklusjonane ikkje må sjåast som ubestridelege fakta fordi arbeidet er gjort lite grundig. Vi i “Sundlandgruppa” har no påvist at alle kriterium som var negative for Sundland i 2002, no er positivt avklara. Føresetnaden er ny veg Konnerud – E134 – Øvre Sund bru. Men den har vel ikkje Drammen tenkt å vere utan i 10 år til?

Vestre Viken HF har valt å “hoppe over” økonomisk bærekraftighet, risiko og driftsulemper i “Mulighetsstudien”. Likevel tilrådde styret i VV HF å gå vidare med Bragernes som einaste alternativ. Vi bør vere glade for Helse Sør-Øst og HOD finn utgreiingsarbeidet for svakt og vil ha normal KVU-prosedyre med tre alternativ. Dette er også heilt i samsvar med protokollen frå foretaksmøte i HSØ 31.01.11: “I dette arbeidet forutsettes det at minimum 3 alternativer skal utredes, og at bl.a. konsekvenser for infrastruktur og miljø hensyntas i vurderingene.”
Når bystyret i Drammen og Buskerudbenken på Stortinget har applaudert Bragernes som både er for dyrt, har stor risiko og veldig lang byggetid, og DT hiv seg inn i jubelen, så vil Drammen Venstre seie takk til dei ansvarlege i HOD som opptrer klart rasjonelt. Politisk makt og DTs monopol var ikkje tilstrekkeleg. Ganske enkelt fordi Bragernes-alternativet kun var dokumentert som “fysisk mulig” og ikkje som “det beste”.

Drammen skal no ha eit områdesjukehus for Buskerud (261.000 innb.) pluss Asker og Bærum (167.000 innb.) Drammen er lett tilgjengeleg for både pasientar og tilsette i heile “Vestre Viken”. Eit områdesjukehus ved jernbanen i Drammen, er ein garanti for at sjukehuset ikkje endar som eit nytt A-hus, Lørenskog — med krise når det gjeld kollektivtrafikk, rekruttering av fagfolk i Stor-Oslo regionen og tilgjengelegheit for dei befolkningsgruppene sjukehuset skal dekke.

Dei noko såra politikarane og avisredaktørane har to val. Energi kan nyttast på å finne andre forklaringar enn reint rasjonelle på kvifor HOD vil ha ei konseptvalgsutgreiing (KVU = må ha fleire alternativ), eller dei kan akseptere at departementet berre følgjer opp eit einstemmig Storting. Valet bør vere enkelt. Då kan alle gode krefter straks samarbeide for at Drammen får med dei beste alternativa for områdesjukehus i KVU. Vår vurdering er at det raskt vil komme ei avgjerd frå departementet om planprosess. Då vil tomteval og framdrift kunne vere endeleg og forsvarleg avklara før stortingsvalet i 2013.

Rune Håndlykken
leiar arbeidsgruppa Sundland
i Drammen Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 11 år siden.**