Til innhold

Åshild Rød

Særleg brenn eg for at skule og læringsmiljø skal ha god kvalitet både i innhald og i si fysiske utforming inne og ute.

Eg bur på Hauge, er gift og har tre born. Eg arbeider som sivilarkitekt og pendlar dagleg til Bergen sentrum til arbeidsplassen. På fritida er eg engasjert i mykje og er aktiv i ulike lag og organisasjonar.

Eg ynskjer at Osterøy skal vere ein god plass å bu, der kommunen klarer å ivareta sine oppgåver. Særleg brenn eg for at skule og læringsmiljø skal ha god kvalitet både i innhald og i si fysiske utforming inne og ute.

Eg vil ha levende grender der det er trygt å bu og der næringslivet kan få utvikla seg med realistiske og forutsigbare rammer. Eg ynskjer ein kommune som tek miljø på alvor og beskyttar viktige naturområder.