Til innhold

Kirsti Ohrvik Olsen

Kirsti Ohrvik Olsen

Eg brenn for god eldreomsorg og vekst i alle bygdene.

Eg har budd dei siste 30 åra i Mogrenda. Eg er gift og har to voksne barn på 24 og 28 år.
Eg jobbar som helsefagarbeider på Hogatunet bu og behandlingssenter.
Dette blir no 3 . gongen eg står på liste til kommunevalg. 2011-2015 var eg vara til utval og kommunestyre og møtte ein god del. I 2015 vart eg fast medlem av kommunestyre og teknisk-og samfunnsutval. Frå november 2017 har eg hatt gleda av å vere varaordførar.
Eg er ikkje oppvokst i ein politikerfamilie og har ikkje hatt interesse for politikk tidlegare. Eg ser no kva eg har godt glipp av. Politikk er både utfordrande, spennande og ikkje minst lærerikt. Eg har stemt venstre frå eg var 18 år. Eg fann ut at venstre hadde dei verdiane og kommunepolitikken er likte best.
I komande periode håpar eg å vere ein politiker som kan jobbe for heile kommuna, kan lytte og kan ha eit godt samarbeid.