Til innhold

Kjersti Ingolvsdotter Vevatne

Kjernen i eit godt lokaldemokrati er medverknad, dialog og ei open forvaltning

Kjersti er Osterøy Venstres representant i Heradsstyret i 2019-2023.

Ho er frå Etne i Sunnhordland, har budd i Stavanger og Bergen, men flytta til Osterøy for over 10 år sidan. Kjersti er særleg oppteken av lokal medverknad og gode kommunale prosessar. Openheit, inkludering og eit velfungerande lokaldemokrati er viktig.

Kjersti er utdanna arkeolog, og har jobba i regional kulturminneforvaltning i mange år. No er ho arealplanleggar og jobbar særleg med grøne tema.