Til innhold

Ole Reinert Berg-Olsen

Bjørnafjorden er Noregs vakraste kommune! Eg har lenge hatt lyst til å bidra i lokalpolitikken fordi eg vil vera med på å påverka og gjera kommunen til ein bra stad å leva.

Ole Reinert Berg-Olsen er Venstres kommunestyrerepresentant i Bjørnafjorden kommune for perioden 2023-2027.

Eg har fire hjartesaker eg vil jobba ekstra for, og som eg meiner er viktige for å skapa betre levevilkår for innbyggarane i Bjørnafjorden.

  1. Gode oppvekstvilkår – Skule, fritidsaktivitetar, arenaer og tilbod for å unngå utanforskap blant unge.
  2. Næring – Kommunen må leggja til rette for dei som vil skapa arbeidsplassar. Både gründerar og større bedrifter som vil etablera seg her, må oppleva at det er gjennomførbart og velkome. Dette vil gje auka aktivitet og skapa store verdiar i kommunen.
  3. Kultur – Livet er fattigare utan eit rikt kulturliv og kulturopplevingar som gjer det meir attraktivt å bu i kommunen vår.
  4. Miljø – Bjørnafjorden må vera ein berekraftig kommune som baserer sine val på faktakunnskap om klima- og miljøspørsmål.