Til innhold

Rune Hetland

Lokalt engasjement gir ein god kommune

Rune Hetland er 60 år og arbeider som generalsekretær i Landslaget for lokalaviser.

Kontorstad er Vikebygd og Oslo.

Rune har erfaring frå lokalpolitikken som formannskapsmedlem dei to siste åra til Ølen kommune og dei to første åra til Vindafjord kommune.

Han har stort engasjemnet for lokaldemokratiet generelt og har i alle år engasjert seg seg i ungdoms- og idrettsarbeid.

Rune trur på å ta i bruk alt positivt lokalt engasjement både i næringsutvikling og for å skape gode bygder og slik eit godt oppvekstmiljø.

Ein god barnehage, ein god skule og eit godt fritidstilbud til dei unge gir ein god og attraktiv kommune. Målet må vere at Vindafjord skal best på kvalitet i skulen og eit allsidig, trygt og triveleg oppvekstmiljø. Dei som har det kjekt presterer betre på alle plan.